Hopp til innhold

Fyll og bråk i heile fylket

Ein rusa mann i 50-åra vart funnen på bakken utandørs i Svelgen. Ein ambulanse tok hand om mannen. I Sogndal måtte ei kvinne i 20-åra bli køyrt heim etter at ho vart funnen livlaus utandørs. I Årdal måtte politiet rykke ut til ei privat adresse for å ordne opp i ein krangel mellom to personar. På Eid fekk to menn i 40- og 20-åra pålegg om å forlate sentrum etter ein slåstkamp. I Florø kan to menn, ein i tenåra og den andre i 20-åra, vente seg ein reaksjon frå politiet etter at dei slost i sentrum.