Hopp til innhold

Fyll og bråk i fylket: Ein til lege og ein i arresten

Politiet hadde mykje å henge fingrane i løpet av natt til laurdag. Fleire personar laga uro rundt om i fylket.

politi illustrasjon
Foto: Kyrre Lien / Scanpix

I Bremanger fekk politiet like over midnatt melding om ordensuro på ein privat fest i ytre Bremanger. Ein mann vart send til lege for kontroll, og ein mann måtte overnatte i arresten etter at politiet dukka opp på staden.

– Det har vore ei uoverstemming på festen, og den eine vart påført skadar som gjorde at han vart send til lege. Han vart dimittert der ifrå. Partane er ikkje avhøyrde, og den mistenkte sit i arresten og vi skal avhøyre han seinare, seier Inge Værøy ved politiet sin operasjonssentral.

Promille og bråk

Klokka 03 stogga politiet ein mann i 20-åra i Måløy. Han vart stogga fordi politiet mistenkte han for køyring i rusa tilstand. Mannen vart teken med til lege for blodprøvetaking.

I Øvre Årdal vart det meldt om bråk ved ein serveringsstad, men då politiet troppa opp hadde den mistenkte forlate staden. Kring klokka 02 tikka same melding inn, men denne gong i Sogndal. To personar var involverte i ordensforstyrringa, men begge var reiste då politiet kom til staden. Berre ein halvtime seinare kom politiet over ein overstadig rusa person i Sogndal sentrum, som dei skyssa heim.

Også i Førde var det tilløp til bråk på ein serveringsstad. To menn var involverte, og den eine køyrde politiet heim, medan den andre gjekk frå staden for eiga maskin.

Utrykkingspolitiet har også vore aktive og delt ut bøter. På E39 ved Bergheim i Gloppen vart fire fartssyndarar stogga i ei 80-sone. Høgste målte fart var 107 km/t.