Hopp til innhold

Fylkets største vert endå større

Det ser ut til å gå mot endå eit rekordår for Malakoff. Det har aldri før vore så populært å dra til Nordfjordeid for å høyre rock.

Gunn Guddal og Arnt-Ivar Naustdal

SEL MEST: Administrasjonssjef Gunn Guddal og festivalsjef Arnt-Ivar Naustdal utvidar med ein ekstra dag, og etterlyser fleire frivillige.

Foto: Harald Kolseth / NRK

Rockefestivalen som drog over 22 000 besøkande i fjor, feirar 15-årsjubileum i år og markerer dette med å utvide festivalen med ein ekstra dag.

– Det er kjekt å sjå at tredagarsbilletten sel best. Det er jo det beste beviset på at publikum vil ha tre dagar. Billettsalet er kjempebra. I fjor hadde vi rekordsal, og i år ligg vi tre veker framfor fjorårets salsstatistikk på same tid. Alt tyder på at Malakoff 2017 vert utseld, smiler festivalsjef Arnt-Ivar Naustdal.

Les meir: Stolt festivalgeneral etter «tidenes Malakoff»

Malakoff 2016

EIN AV DEI STØRSTE: Med eit publikum på 12.000 per kveld, er Malakoff Rockfestival på Nordfjord ei ikkje berre størst i Sogn og Fjordane, men blant dei største i landet.

Foto: Øystein Torheim

– Idiotisk idé

Han fortel at førebuingane er i rute, men at det står att svært mykje arbeid. Så langt har han blant anna fått tak i rundt 600 frivillige, men må ha 200–300 fleire. Sjølv om arbeidsmengda aukar med utvidinga av talet festivaldagar, er han overtydd om at det er ei rett satsing. Ikkje minst syner billettsalet det.

– Det var mykje rigging for berre to dagar, og i tillegg har publikum etterlyst ein tredje dag, fortel Naustdal, som understrekar at dette er største endringa i festivalens historie.

Han er ikkje redd for å utfordre vêrgudane for mykje med å invitere til utandørskonsertar i tre dagar til ende.

– Det å arrangere utandørsarrangement på Vestlandet er i utgangspunktet ein idiotisk ide, men det har gått bra tidlegare, ler han.

Malakoff 2016 camp

TUSENVIS PÅ CAMP: For mange er campinglivet ein sjølvsagt del av festivalopplevinga. Her frå Malakoff-campen i 2016.

Foto: Mattias Rolighed Bergset / NRK

Størst i landet på stæsj

Han peikar på at det er viktig å utvikle seg som festival om ein skal klare å halde på publikum.

– Det er ikkje lett å utvikle seg kvart år, men det må vi. Det er ei viktig drivkraft.

Det gjeld også for den vesle butikken i Gamlebanken som på heilårsbasis sel diverse rockestæsj som blant anna t-skjorter, genserar, smykke og truser. Og mottakinga av årets kolleksjon er blitt godt motteken.

– Det har vore heilt fantastisk. Vi er veldig spente kvart år om den nye designen fell i smak hos publikum. Det var stor stemning og gode tilbakemeldingar då årets design vart presentert, fortel administrasjonssjef Gunn Guddal.

Ifølgje festivalen er dei den butikken av denne typen i landet som sel best.

– Eg trur det skuldast kvaliteten og at vi fornyar oss kvart år. Og så har vi faste kundar som kjem att år etter år. Eg er sikker på at eidarane har 15 t-skjorter i skapet sitt, seier Guddal.