Hopp til innhold

Fylkets minste vil helst stå åleine

Gunn Åmdal Mongstad (Sp) er ordførar for mindre enn 800 innbyggjarar. Likevel meiner ho at Solund er best tent med å ikkje slå seg saman med andre kommunar.

Hardbakke

LANGT MELLOM INNBYGGJARANE: Hardbakke er kommunesenteret i Solund.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Ho seier at politikarane i Solund har brukt mykje tid og ressursar på å vege fram og tilbake: Samanslåing eller ikkje.

– Kommunestyret skal ta endeleg avgjerd til våren, men vi er så langt samde om at vi står att med to løysingar. Kommunestyret har tilrådd ein av dei. Med vår geografi vil vi vere best tent med å vere eigen kommune også i framtida, seier ordføraren.

Dersom Solund ikkje får dei økonomiske rammene som skal til for å stå åleine, vil lokalpolitikarane at øykommunen skal vere del av ein større kommune i Sogn og Fjordane. Å gå saman med kommunar i Hordaland er uaktuelt.

Gunn Åmdal Mongstad

– BEST ÅLEINE: Ordførar Gunn Åmdal Mongstad (Sp).

Foto: Bård Siem / NRK

– Har klart seg bra som liten

På vegen mot dette standpunktet har Solund-politikarane vore gjennom fem ulike utgreiingar, og dei har skrive under på tre intensjonsavtalar.

– Vi har jobba grundig med dei ulike alternativa, og eg har enno til gode å sjå noko som tilseier at ei samanslåing vil vere bra for vårt samfunn, seier Gunn Åmdal Mongstad.

Det meiner ho trass i at folketalet i Solund har gått jamnt og trutt nedover dei siste åra. Ved siste årsskiftet hadde det kome under 800.

– Men dei 800 har har klart seg ganske bra til no, vil eg påstå, og dei har dei tenestene dei treng.

Ho viser rundt i kommunesenteret Hardbakke, der skule, helse- og omsorgssenter og kyrkje ligg tett i tett.

– Det ligg til rette for ei heilskapeleg og god styring av dette samfunnet. Eg kan ikkje forstå at det skal bli lettare å få folk med kompetanse hit om kommuneadministrasjonen skulle sitte i Førde.

Solund kommunehus

FRAMLEIS KOMMUNEHUS? Solund har ikkje noko prangande rådhus.

Foto: Silje Guddal / NRK

Ikkje folkerøysting

Ordføraren har rekna på det nye inntektssystemet og kome til at det ikkje skal vere noko hinder for å stå åleine.

– Solund kjem ikkje så verst ut, for det er teke høgde for lange avstandar og spesielle utfordringar. Men blir det lagt større vekt på folketal er det klart at vi kjem til å få ei utfordring. Difor er det viktig å jobbe med å auke folketalet.

Solund skal ikkje ha folkerøysting, men før kommunestyret tek endeleg avgjerd, skal det gjennomførast ei spørjegransking via telefon i slutten av mars.