NRK Meny
Normal

Fylkets eldste lokka mange små, men saknar herrane

Nærare 70 lag deltok i årets versjon av Breimstafetten. Over 30 av desse var blant dei minste, medan berre fire lag deltok på herresida.

Gå til forsiden

Breimstafetten 2016

Breimstafetten 2016

Breimstafetten 2016

26 bilder

    For Konglestafetten for dei yngste var årets vinnar, som det har vore dei siste åra.

    Breimstafetten er fylkets eldste idrettsarrangement, og samlar kvart år fleire hundre utøvarar i alle aldrar. Stafetten, som i år vart arrangert for 78. gong, blir ofte omtala som vårens vakraste eventyr. Men eventyret kunne vore vakrare.

    – Vi ønskjer fleire lag, og særleg på herresida er det for dårleg. Der har det gått merkbart ned, og det er ikkje noko særleg. Vi bør jo vere ein attraktiv arrangør, og då må vi gjere tiltak for å få med fleire, seier Kristen Helge Kleppe, leiar i Breimsbygda IL, som arrangerer stafetten.

    Sjå video frå fylkets eldste idrettsarrangement. I år vart stafetten arrangert for 78. gong.

    FOLKEFEST: Sjå video frå fylkets eldste idrettsarrangement. I år vart stafetten arrangert for 78. gong. (Foto/redigering: Runar Sandnes)

    – Meir folk enn før

    Men ser ein vekk frå dette kunne han ikkje vore meir nøgd med dagen. Fint vêr frå dei starta å lage til i går, og heilt fram til siste premieutdelinga laurdag ettermiddag. Då kom dei første regndropane.

    – Så vi har vore veldig heldig. Og så har det vore mykje folk. Eg synest kanskje at det i år var meir folk enn det har vore dei siste åra. Mykje av det er jo på grunn av Konglestafetten. Då blir det mykje ungar og foreldra, seier Kleppe.

    Og at så mange ungar deltek, er ei god trøyst når det sviktar på herresida.

    – Det er noko av det viktigaste å få med ungane, og vi må prøve å gjere det så attraktivt at dei held fram i gute- og jenteklassen, og herre- og dameklassen.

    Breimstafetten 2016

    MANGE UNGE DELTAKARAR: Kongleriket er stafetten for dei minste, men her var dei flest.

    Foto: Runar Sandnes / NRK

    Jølster IL vann herreklassen

    Blant dei fire laga på herresida var det Jølster IL som stakk av med sigeren.

    – Det var veldig kjekt. Målet var å vinne, og det klarte vi, seier Johannes Siem, ein av dei seks på laget.

    Dette er første gong han deltek på Breimstafetten, og han har som mål å komme igjen.

    – Det er eit veldig fint arrangement, bygda samlast og er aktive, så det er veldig bra.

    Stakk nok ein gong av med sigeren

    I den tøffaste konkurranse, kraftprøva, har også blitt ein tradisjon. Og det har også nesten blitt ein tradisjon at det er Kristi Strømmen Kjerpeset frå Florø som stikk av med sigeren på damesida.

    Jostein Joshua Fossøy og Kristi Strømmen Kjerpeset

    SIGRA I KRAFTPRØVA: Jostein Joshua Fossøy og Kristi Strømmen Kjerpeset.

    Foto: Runar Sandnes / NRK

    – Eg var ganske usikker på om eg skulle stille til start, for eg har hatt litt problem med hamstringen i siste, men det gjekk veldig bra, så eg er kjempenøgd, seier ho, og reknar seg fram til at dette må vel vere fjerde eller femte sigeren hennar her.

    – Eg synest det er eit veldig kjekt arrangement, ein samlande og fin start på sesongen utan at konkurransen er så veldig seriøs, seier ho.

    Jostein Joshua Fossøy frå Florø vann kraftprøva for herrar.

    Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
    Første i Norge som har vektløfting som valgfag.