Hopp til innhold

Han kallar Sogn og Fjordane for Stagnasjons-fylket. Det får fylkesordføraren til å steile

Sogn og Fjordane stagnerer, og politikarane har berre seg sjølv å takke, meiner tidlegare Høgre-politikar, og no representant i formannskapet i Flora kommune, Jakob Nødseth.

Jakob Nødseth

- FYLKET STAGNERER: Jacob Nødseth etterlyser i ein kronikk satsing på sentera i Sogn og Fjordane.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Han meiner manglande satsing på sterke tettstadar, spesielt langs kysten, har ført til låg folketalsvekst, få unge menneske og få arbeidsplassar i oljesektoren.

– Fylket stagnerer, vi har for få innbyggarar, for få unge menneske, vi får ikkje til det vi burde få til m.a. når det gjeld oljerelaterte arbeidsplassar slik dei får til andre stader. Eg meiner det er enkelt å sjå vedtak i fylkeskommunen opp mot konkrete resultat.

I ein kronikk i BT torsdag seier Nødseth at fylket stagnerar. Tal frå SSB syner at folketalet har auka mykje meir i nabofylka enn i Sogn og Fjordane dei siste 50 åra. Og framskrivingane for dei komande 25 åra syner at talet på innbyggjarar i fylket kan auke med 10.000 menneske. Til samanlikning kan Hordaland auke med 150.000 og Møre og Romsdal med 50.000.

– Historisk folketalsvekst

Nødseth ser med uro på folketalsutviklinga i Sogn og Fjordane, og meiner fylkespolitikarane berre kan takke seg sjølv. Han har difor gjeve namnet Stagnasjonsfylket til Sogn og Fjordane.

Det gjer fylkesordførar Åshild Kjelsnes svært opprørt.

– Sidan 2007 har faktisk Sogn og Fjordane hatt ein historisk folketalsvekst. Så å seie at det stagnerer folketalsmessig er ein faktafeil. Så får vi berre konstatere at veksten er større i andre delar av landet, og det har mange grunnar. Mellom anna har fylka nord og sør for oss storbyar. Det har ikkje vi.

Og nettopp mangelen på større senter er det Nødseth saknar. Han meiner fylkespolitikarane over lang tid har prioritert feil, og satsa for lite på utvikling av større tettstadar.

Åshild Kjelsnes

AVVISER KRITIKKEN: Fylkesordførar Åshild Kjelsnes meiner Sogn og Fjordane har god folketalsutvikling og attraktive arbeidsplassar.

Foto: Ole André Rekkedal / NRK

LES OGSÅ: Nødseth gir opp kampen i Høgre - «Dette ønskjer eg ikkje lenger å bruke tid på»

LES OGSÅ: Meiner Flora Høgre har hatt ein langsiktig strategi for å bli kvitt motstand

Vekst i nabofylka ved å satse på byar

I kronikken skriv han at «sentralisering i Møre og Romsdal er å leggje offentlege arbeidsplassar til Ålesund. Sentralisering i Hordaland er å leggje offentlege arbeidsplassar til Bergen. Sentralisering i Sogn og Fjordane er å leggje offentlege arbeidsplassar til Hermansverk.»

– Våre nabofylke på kysten, Hordaland og Møre og Romsdal, har skapt vekst og utvikling på kysten ved å skape byar som har berekraft. I Sogn og Fjordane har vi ikkje fått til det. Fylkestinget vil ikkje satse på det som har urbant preg i Sogn og Fjordane, seier Nødseth.

– I staden for å bruke fylkeskommunale midlar og verkemiddel effektivt og målretta har ein i Sogn og Fjordane medvite og tverrpolitisk over mange år klatta mest mogeleg utover.

– Ikkje som Sverige og Finland

Fylkesordførar Åshild Kjelsnes er ikkje samd i at det ikkje blir satsa på sentrale stader i fylket.

– Eg registrerer i kronikken til Nødseth at han har stor tru på sentralisering. Eg ynskjer ikkje eit Norge som ser ut som Sverige og Finland, der store delar av landet er folketomt. Det vil fort bli resultatet om Nødseth får gjennomslag for sitt resonnement om sentralisering.

Nødseth er heilt usamd med Kjelsnes på dette punktet.

– Det er ingen motsetnad mellom dette. I Sogn og Fjordane er det ein enorm skepsis til sentralisering, til å satse på dei sentera vi har.

– Har attraktive arbeidsplassar

For omlandet til dei store byane i nabofylka har nytt godt av satsinga på byane, seier han. Han trur folkeveksten i nabofylka kjem av fleire og store attraktive tettstadar og arbeidsplassar. Kjelsnes meiner jobben her i fylket består i å vise kva som faktisk finst.

– Vi har attraktive og framtidsretta arbeidsplassar, og vi har ein stor jobb med å få det meir fram i lyset.

Men Jacob Nødseth meiner situasjonen er bekymringsfull.

– Ynskjer vi at vi skal bli fleire i Sogn og Fjordane, eller skal vi bli færre? Skal det vere slik at det ein liten koloni i Sogn og Fjordane spreidd utover alle grender og forvente at dagens tilbod blir halde oppe?

– Eller skal vi akseptere at det blir samla ein del tenestetilbod i Florø, Førde, Sogndal og liknande? Eg meiner at Sogn og Fjordane satsar feil.