Sjef for fylkesmusikarane i Sogn og Fjordane, Øyvind Lyslo, seier dette er eit tap for fylket, fordi desse musikarane bidreg som utøvarar i konsertar og orkester også utanfor kommunane dei jobbar i.
Undervisning
Ordninga med distriktsmusikarar tilsett i kommunane skriv seg attende til 80-talet. Sogn og Fjordane har hatt 16 distriktsmusikarar fordelt på dei fire kommunane Høyanger, Sogndal, Førde og Gloppen. Musikarane har oppgåver både i undervisning og som utøvande musikarar, og fylkeskommunen betalar ein fjerdedel av løna deira.
Avgjerd i fjor
Kjartan Longva
I Høyanger har to av dei fire stillingane stått ledige i eitt års tid, og 1. juli går dei to siste distriktsmusikarane over til å vere vanleg kommunalt tilsette. Ordførar i Høyanger, Kjartan Longva, seier avgjerda om å avslutte den gamle avtalen med fylkeskommunen vart gjort alt i desember i fjor. Longva trur avtalen vil bli meir interessant om fylkeskommunen betalar meir enn 25 prosent av løna til distriktsmusikarane. - Då han kanskje Høyanger også vere interesserte i å ta opp att avtalen, seier Longva.
- Beklageleg
Fylkesdirektør for kultur, Ingebjørg Erikstad, tykkjer det er beklageleg at Høyanger avsluttar avtalen deira. Ho seier distriktsmusikarane i Høyanger hadde mykje å seie for musikklivet også utanfor kommunegrensene.
Ingebjørg Erikstad seier Sogn og Fjordane fylkeskommune ikkje har gitt opp håpet om å oppretthalde ei fjerde gruppe med distriktsmusikarar i fylket. Ho fortel at dei har vore i kontakt med andre kommunar om å overta avtalen som Høyanger sa opp.