Hopp til innhold

Fylket må avgjere flytilbod

Samferdsledepartementet har overlete til Fylkeskommunen å ta stilling til flytilbodet i Sogndal og på Sandane.

Fly og passasjerar

AVGJER: Fylkespolitikarane skal avgjere kven av Sogndal og Sandane som skal få betre flytilbod med Widerøe.

Foto: Cosmin Cosma / NRK

Gloppen kommune klaga på at Widerøe ikkje flyr fire daglege avgongar frå Sandane Anda lufthamn.

I Sogn krev regionrådet minst fire direkteavgongar mellom Sogndal og Oslo, skriv Firda.

Widerøe meiner at det er uråd for dei å etterkomme begge desse krava. No meiner Samferdsledepartementet at Widerøe ikkje bryt med konsesjonskrava. Difor meiner dei også at Fylkeskommunen sjølv må avgjere kva lufthamn som får innfridd kravet sitt.