Hopp til innhold

Fylket ligg på klestoppen

Folk i Sogn og Fjordane brukar stadig meir pengar på å fornye garderoben. I fjor brukte kva innbyggjar i snitt vel 5000 kroner på klede.

Kjøpelystne utenfor en klesbutikk

KJØPEGLADE: Sogn- og fjordingane handlar meir klede. Illustrasjonsfoto

Foto: Creative Commons, Karen B./specialkrb - Flickr

Fylket hadde dermed den største salgsveksetn i landet, skriv Bergens Tidende.

Klesbutikkane i fylket omsette for 8.1 prosent meir i fjor enn året før. Det gir 5072 kroner i snitt per innbyggjar.

Førde står for nær halvparten

Vel 40 prosent av all omsetnad av klede i fylket, skjer i Førde. Veksten i sunnfjordbyen var i fjor på 4,1.

I Sogndal hadde klesbransjen ein framgang på 6,7 prosent, mens klesbutikkane i omstillingskommunen Årdal omsette for 12,8 prosent meir enn i 2008.

– Mindre handelslekkasje

– Handelslekkasjen ut av fylket på tekstil har minka, og det er færre som reiser til Ålesund og Bergen, seier Jostein Fredly i Handelshuset AS til BT.

– Moods of Norway sel like godt i Førde som i Hollywood, seier Fredly.

Han trekkjer også fram Ricco Vero som ein lokal bestseljar.

Stryn-vekst på 60 prosent

– Lokale merke er både fresht og nytt, og så er det tøft at det har tilknyting til fylket, meiner Fredly.

Og salet av lokale klede viser også att i kledeprodusent-kommune nummer éin fylket: Stryn. Kommunen som husar både Moods, Ricco Vero og Skogstad opplevde ein vekst på formidable 60 prosent.

Sjølv om veksten er størst i Sogn og Fjordane er det likevel eit stykke opp til hovudstaden. I Oslo brukte innbyggjarane i snitt 8900 kroner på klede i fjor. Men då er også all turisttrafikk medrekna.