Hopp til innhold

Sogn og Fjordane var ei sinke med å innføre nynorsk

Sogn og Fjordane fylke var langt frå nokon spydspiss for nynorsken då det såkalla landsmålet vann terreng på Vestlandet for rundt 100 år sidan. Sant å seie var fylket vårt ei sinke på det feltet.

Seint ute med nynorsk

LANGT ETTER IVAR AASEN: Det tok lang tid før Sogn og Fjordane fylkeskommune tok i bruk skriftspråket som Ivar Aasen bygde på det norske talemålet. Dette er Ordbog for Det norske skriftsprog, utstilt på Aasentunet i Ørsta.

Foto: Løken, Bård / Samfoto

Sogn og Fjordane er i dag sjølve kjerneområdet for nynorsk. Men nynorsken, eller landsmålet som det heitte tidlegare, har ikkje ei særleg lang historie som administrasjonsmål for fylket.

Først i 1925 vart det gjort vedtak om at kunngjeringar og saksframlegg skulle vere på landsmål. Då hadde 32 av dei då 37 kommunane i fylket alt innført landsmål.

David O. Bakke først ute

Fjaler var først ute, alt i 1896. Og ordføraren i Fjaler, David O. Bakke , brukte landsmål då han møtte på fylkestinget i 1896 og skreiv to tilrådingar. Dette var det første som var skrive på nynorsk/landsmål i Sogn og Fjordane fylkesting.

(Artikkelen held fram under animasjonen)

Administrasjonen heldt på riksmål

Det var ordførarane i kommunane som på den tida utgjorde fylkestinget. Etter kvart som kommune etter kommune innførde landsmål som administrasjonsmål, tok ordførarane landsmålet med seg når dei møtte på fylkestinget, og frå 1908 kunne dei som ville bli referert på landsmål.

Men frå administrasjonen si side kom det ikkje mange nynorske gloser. Eit heiderleg unnatak var fylkesgartnar Jon Valset, som skreiv alle saksutgreiingane sine på landsmål.

Men det var dei folkevalde som sytte for at landsmålet vann terreng, stadig fleire av dei tok i bruk landsmålet når dei skulle skrive tilrådingar. I 1919 vart 33 av tilrådingane skrivne på landsmål, 55 på norsk-dansk, i 1922 var 65 på landsmål, 50 på norsk-dansk.

– Ta i bruk «norsk mål»

I 1922 kom det ei fråsegn frå Det vestlandske målkontor, som oppmoda fylkestinget om å ta i bruk «norsk mål». Eitt av argumenta var at «umlag 90 procent av skulekrinsarne i fylket hev teke norsk til hovudmål i folkeskulen, so kravet som no kjem til styringsmagterne, er eit folkekrav, bygt upp og bore fram av folket sjølv».

Same året kom budsjettnemnda i fylkestinget med ei oppmoding om at administrasjonen «sovidt mogeleg nyttar landsmål i brevskifte med riksmagter». Nemnda tenkte og framover og skreiv «at det vert teke umsyn til dette ynskjet i framtidi under tilsetjing av tenestemenner og kontorfolk i fylkesadministrasjonen, når søkjarane elles står likt i utdaning og dugleik».

I juni 1923 vedtok fylkestinget mot tre røyster at møteboka frå 1924 skulle skrivast på landsmål. Dei tre som røysta imot var politimeister Ivar Lind, Kinn, bonde A. O. Lunde, Gaular og bonde Johan Bortne, Selje.

Fullt og heilt i 1930

Den 13. februar 1925 kom vedtaket om at kunngjeringar og saksframlegg skulle skrivast på landsmål, nynorsk vart offisielt skriftspråk i Sogn og Fjordane.

Men fylkesmann Ingolf Elster Christensen heldt fram med å bruke norsk-dansk i overskriftene på saksframlegga, og nokre få folkevalde let seg ikkje overtale til å bruke landsmål. Først i 1930, då Hans Seip tok over som fylkesmann, var overgangen til landsmål/nynorsk fullført.

(Kjelde: Anders A. Lothe : Målreisingssoga i Sogn og Fjordane.)