Hopp til innhold

Sogn og Fjordane er knapt representert i noko partileiing

Nesten ingen frå fylket er representerte i sentralleiinga til dei politiske partia.

Alfred Bjørlo

ÅLEINE: Alfred Bjørlo i Venstre er einaste sentralstyremedlem som er valt frå fylket i noko parti.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Nesten ingen av partia har folk frå fylket i sine sentralstyre. I førre veka var fylkesleiar Hilmar Høl aktuell for Arbeidarpartiet, men han vart vraka.

– Eg må forsone meg med at dette er noko valkomiteen har komme fram til. Og dette vil vere ei bra avveging for partiet, seier Høl.

Einsam svale

Det er nokre få unntak. Nestleiar Bård Vegar Solhjell i SV, er opphavleg frå Naustdal, men har aldri hatt partiverv i fylket.

Det har heller ikkje generalsekretær Lars Arne Ryssdal i Høgre, som er fødd i Vågsøy. Og generalsekretær Knut M. Olsen i Senterpartiet vekependlar til Oslo frå Jølster.

Alfred Bjørlo i Venstre er einaste sentralstyremedlem som er valt frå fylket.

– Det er mange strukturendringar som skjer. Det er store omleggingar i norsk økonomi på gang. Det å ha med seg eit perspektiv frå eit distriktsfylke som Sogn og Fjordane trur eg er viktig. Samtidig så er det nok eit problem for dei to regjeringspartia at det har vore ei svakare rekruttering av politiske talent.

– Viktig med ei røyst frå fylket

Trude Brosvik sat i sentralstyret til KrF frå 1999 til 2005. Ho tok nyleg til orde for ei eiga distriktsgruppe i partiet, for å fremje distrikta si sak.

– Våre synspunkt kjem ikkje med, og så er det mange som tenkjer at vi er ein del av Vestlandet, og då tenkjer vi likt som Hordaland og Møre og Romsdal, men det gjer vi slett ikkje.

Har det noko betydning om det sit nokon frå fylket i sjølve sentralstyret?

– Ja, eg meiner det har stor betydning i dei ulike partia at vi er representerte.