NRK Meny
Normal

Får berre det halve av det dei ønskte til orkanopprydding

Skogeigarlaget ville ha 30 millionar kroner til å rydde skog etter Dagmars herjingar i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal. No får dei halvparten.

Rotvelt

STORE SKADAR: Over heilt fylket har Dagmar gjort enorme skadar på skog.

Foto: Rolf Sanne-Gundersen / NRK

Sogn og Fjordane får om lag to tredelar av summen, medan Møre og Romsdal får ein tredel.

Statssekretær i Landbruks- og matdepartementet, Harald Oskar Buttedahl, var fredag på synfaring i Gloppen og Eid i dag. Og han hadde denne forklaringa til at skogeigarlaget ikkje får så mykje pengar som dei ønskte.

Må bidra også regionalt

– Fordi det finst ikkje nokre friske middel til å pøse på med her. No har vi bidrege med det vi meiner er ein god halvpart i ein dugnad for å komme opp i den summen som skogeigarane meiner dei treng. Det er andre som også må bidra her på regionalt nivå, seier statssekretær i Landbruks- og matdepartementet, Harald Oskar Buttedahl.

Han siktar til fylkesmenn og fylkeskommunar, som han meiner må omdisponere sine middel på same måte som Landbruks- og matdepartementet no har omdisponert sine middel.

(Artikkelen held fram under videoen)

Video Får støtte til skogrydding etter Dagmar

Får støtte til skogrydding etter Dagmar

Såg enorme skadar

– Dette er ein veldig spesiell situasjon. Eg har i dag vore og sett på det eg vil kalle enorme skadar, så dette er ein ekstraordinær situasjon. I ein slik situasjon må vi bidra, alle som har moglegheit til å bidra, i ein dugnad for å skaffe nok pengar til å få desse store verdiane som i dag ligg paddeflatt i skogen ut før det vert øydelagt, seier Buttedahl.

– Men ser du at det er behov for meir enn berre halvparten av det som var kravet frå skogeigarlaget?

– Ja, vi har gått gjennom overslaga, og vi tykkjer ikkje det verkar urealistisk. Men det er eit spørsmål om det er mogleg å bruke 30 millionar kroner på den korte tida vi har før tømmeret er øydelagt, seier Buttedahl.

Har gjort utrekningar

Han legg til at det har mykje å gjere med kapasitetsproblem

– Om det er akkurat 30 eller 25 som det er mogleg å få brukt, det er eg ikkje sikker på. Men vi har no bidrege med 15, og det meiner vi er ein god halvpart. Så må andre bidra med resten, seier Buttedahl.

Fordelinga av pengane mellom fylka kjem etter innspel frå organisasjonane.

– Dei har beskrive skadane for oss og så har vi gjort utrekningar på kva det vil koste å hente ut tømmeret som ligg nede. Det er utifrå det vi meiner er den reelle situasjonen i dei to fylka, seier Buttedahl.

(Artikkelen held fram under biletet)

Nedfalls

KREVJANDE: Det er mykje arbeid som skal til for å få berga ut tømmeret før det vert øydelagt.

Foto: Rolf Sanne-Gundersen / NRK

Uroa over at så lite er forsikra

Han la til at departementet er uroa over den låge forsikringsstatistikken på skog i fylket.

– Det er få av skogeigedommane her i fylket som er forsikra. Etter våre tal er det snakk om 13 prosent. Nokon hevdar at det er litt meir, men det er uansett svært lågt, seier Buttedahl.

Han legg til at det er føresetnad nummer ein i eit vêrutsett fylke, at ein forsikrar skogeigedommane sine.

– Då må ein ikkje vente til skogen er hogstmoden, då må ein gjere det nesten med ein gong, seier Buttedahl.

Trur folk er inneforstått med dugnad

– Kva blir konsekvensane av det her?

– Du kan forsikre skogen både mot brann og stormskader. Det er mange her som er ramma no, som hadde komme betre ut av det dersom dei hadde vore forsikra, seier Buttedahl.

Han var godt nøgd med reaksjonane han vart møtt med.

– Eg tykte det høyrdest positivt. Folk verka godt nøgde rundt her, og det er eg glad for. Dei er inneforstått med at dette er ein dugnad der fleire må bidra, seier Buttedahl.

Bønder føler seg ikkje trygge på vegen med traktor
Orkanen Tor var ikkje ekstrem nok
Ordninga bør endrast