NRK Meny
Normal

Fylket får millionstøtte til flaumreperasjonar

Fylkeskommunen får nesten 18,2 millionar kroner etter flaumen som herja fylket i oktober i fjor.

Vegen til Undredal teken av flaumen i oktober 2014

STORE SKADER: Flaumen i oktober i fjor førte til omfattande skader på vegnettet i fylket. Berre på fylkesvegane var det 71 skadepunkt. På fylkesveg 601 mellom Undredal og Langhuso i Aurland vart vegen vaska vekk.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

Flaumen fekk store konsekvensar over heile Vestlandet. I Sogn vart rundt 200 personar evakuerte frå heimane sine. Her i fylket var situasjonen verst i Flåm, der tre hus vart tekne av flaumen. Flaumen øydela også vegar for mellom 25 og 30 millionar kroner.

Så langt har kommunaldepartementet betalt ut til saman 176 millionar kroner til flaumråka kommunar og fylkeskommunar.

– Vi har vore opptekne av å betale ut pengar raskt til dei som har vore ramma etter flaumen. I dag får fylkeskommunen 18 millionar kroner som følgje av skader på blant anna fylkesvegar, seier kommunalminister Jan Tore Sanner (H).

– Flaumen skjedde for litt over eitt år sidan. Kvifor er det no pengane kjem?

– Vi betalte ut pengar allereie før jul i 2014. Det gjorde vi for at kommunane skulle kome raskt i gang med å utbetre skadane, men så er det på nokre av vegane at det har vore behov for meir kvalitetssikring for å finne ut kva skadane kosta, og difor kjem det no ytterlegare 18 millionar til Sogn og Fjordane fylkeskommune, seier Sanner.

Han meiner det er viktig at staten stiller opp for at kommunar og fylkeskommunar kan reparere skader etter ekstremvêr, sjølv om dei sjølv må betale delar av rekninga.

– Det er ein eigendel for kommunar og fylkeskommunar, litt avhengig av skadeomfang, men det er viktig at innbyggarane, kommunane og fylkeskommunane veit at staten stiller opp når ekstremvêret rammar.

Flaum i Flåm

SKADER PÅ BYGG: Flaumen førte til skade på fleire bygg både i og utanfor fylket. Her i Flåm vart tre hus tekne av flaumen.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK
Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser