Hopp til innhold

Får likevel behalde sitt siste forsvarsanlegg

I snart tre år har det siste samlingspunktet for Forsvaret i Sogn og Fjordane, Firda kaserne på Eid, stått på Forsvaret si kuttliste. No har Forsvaret ombestemt seg.

Alfred Bjørlo ved Firda kaserne på Nordfjoreid

TRUDDE HÅPET VAR UTE: – Når ein først bestemmer seg for å behalde anlegget, må vi jobbe for auka bruk og aktivitet til det beste for heile fylket, seier Eid-ordførar Alfred Bjørlo.

Foto: Privat

– Dette er fantastiske nyheiter å få. No vart eg oppriktig glad, seier ein tydeleg engasjert Eid-ordførar, Alfred Bjørlo, til NRK.no.

I januar 2015 gjekk generalinspektøren for Heimevernet inn for å selje og legge ned Firda kaserne som forsvarsanlegg. Kaserna på Nordfjordeid har vore det siste som er att av samlingspunkt for Forsvaret i Sogn og Fjordane, og både HV11 og politiet har hatt øvingar her.

Men Forsvaret sine nedleggingsplanar vart møtt med sterke protestar, og i april 2015 gjekk regjeringa inn for å vente i to år med å selje eigedomen. No har to år gått og HV11-sjef John Arvid Svinland fekk beskjeden han hadde håpa på: Forsvaret vil likevel ikkje selje eigedomen, og aktiviteten på kaserna kan halde fram som før.

– Dette er veldig bra. Det er bra for distriktet, det er bra for Forsvaret og det er bra for Sogn og Fjordane at vi framleis har eit fotfeste i den delen av distriktet, seier Svinland.

Fekk gjennomslag

John Arvid Svindland

VIKTIG: John Arvid Svinland vart i januar valt til ny sjef for heimevernet i Møre og Romsdal og Nordfjord.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

Då Firda kaserne vart vedteke lagt ned og selt, vart anlegget del av ei lang kuttliste hos Forsvaret. Hundrevis av forsvarseigedomar har blitt selt dei seinare åra, men i slutten av 2015 sette Forsvaret på bremsene. Bakgrunnen var den sikkerheitspolitiske situasjonen.

HV11-sjef Svinland seier dei sidan nedleggingsavgjerda i 2015 har halde fram med å bruke bygget som base for øvingar og kursverksemd. Personleg var han budd på at dei måtte pakke seg ut av bygget i løpet av året.

– Men vi tok opp saka på nytt og argumenterte for at vi hadde behov for den. Det har vi fått gjennomslag for hos forsvarsstaben og heimevernsstaben.

– Viktigare og viktigare

Firda kaserne bygd på 1970-talet. Nordfjordeid har lang tradisjon som øvingsstad for Forsvaret, og Firda kaserne vart i si tid bygd i bytte for den gamle ekserserplassen.

Når Forsvaret vel å behalde bygget i sitt eige, betyr det at snart 400 år med militærhistorie i Eid får halde fram.

– Eg trur det er viktigare og viktigare i åra framover at vi har ein samfunnsberedskap, der vi har eit forsvar som er til stades i heile landet. På Nordvestlandet er det berre her heimevernet er til stades, seier Eid-ordførar Alfred Bjørlo.

– Når denne avgjerda no er teken, så trur eg at sentrale krefter har forstått alvoret med at vi ikkje kan byggje ned heimevernet, legg han til.

Bjørlo ser for seg at anlegget no kan huse endå meir øvingsaktivitet enn tidlegare, også frå andre etatar.

– Også vi ser for oss ein auka bruk av anlegget i framtida. Vi ser at det er behov for det, seier HV11-sjef Svinland.

Alfred Bjørlo utanfor Firda kaserne i Eid

70–80 SENGEPLASSAR: Firda kaserne har rundt 80 sengeplassar, opphaldsrom, kjøkken og undervisningsrom. Eid-ordførar Alfred Bjørlo (V) er glad kampen for å behalde anlegget no er vunnen.

Foto: Privat