NRK Meny
Normal

Fylket får mest av alle - gler seg over 487 millionar kroner til rassikring

Sogn og Fjordane får 487 millionar kroner til skredsikring dei komande tre åra. Det er klart etter at Samferdsledepartementet no har godkjent tildelinga av statlege tilskot til skredsikring for perioden 2014 til 2017.

Asbjørn Nes kan gle seg over at rassikring av vegen til Veitastrond blir starta opp neste sommar

GLER SEG OVER PENGAR TIL RASSIKRING: Asbjørn Nes, leiar i rassikringsnemnda på Veitstrond

Foto: NRK

Løyvinga kjem i tillegg til pengane som fylkeskommunane sjølve løyver til skredsikring.

– Eg er glad for at tildeling endeleg er komen. Det seier fylkesordførar Åshild Kjelsnes, som og er leiar av den nasjonale rassikringsgruppa.

I dag blei det kjent at Sogn og Fjordane 487 millionar kroner til rassikring. Mest av alle fylka i landet. Men det er også ei problem for fylkeskommunen at pengane kjem først no.

Åshild Kjelsnes

– VIKTIG FOR RASSIKRINGSARBEIDET: Åshild Kjelsnes, fylkesordførar og leiar av den nasjonale rassikringsgruppa

Foto: Sogn og Fjordane fylkeskommune

– Vi er komne til april, og når løyvingane kjem såpass lang ut i året, då blir det rett og slett vanskeleg å få brukt så mykje som vi ynskjer, så raskt som vi ynskjer.

– Kva prosjekt ser du for deg å bruke pengane på?

Eg ser for meg at vi skal bruke dei på det som vi vedtok på fylkestinget i desember. Det betyr for eksempel rassikring av vegen til Veitatrond.

Gler seg over rassikring

– Det er klart vi ser enormt positiv på det at rassikring endeleg kjem. Det seier Asbjørn Nes, som leiar i rassikringsnemnda på Veitstrond.

Asbjørn Nes

BETYR MYKJE FOR BYGDA: Asbjørn Nes, leiar i rassikringsnemnda på Veitstrond.

Foto: Ole Andre Rekkedal / NRK

I 1956 opna vegen til Veitastrond, og sidan den gongen har bygdefolket kjempa for å gjera vegen rassikker. Vegen til Veitastrond er så rasutsett at innbyggarane i si tid gjekk til innkjøp av ein luftputebåt som dei kunne bruke vinterstid når vegen var stengd på grunn av ras.

– Vi har vore tolmodige og venta lenga. Dei byrja så vidt for to år sidan, men no skal dei gå i gang med den tunge biten, og det gler vi oss stort til.

På Veitastrond har dei alt sett effekten av sikringsarbeidet som er kome i gang

– No flyttar jo unge folk attende, og for første og på lenge kan vi sjå unge damer med barnevogner nærast i kø langs vegen. så dette betyr svært mykje for bygda.

Kunne brukt dobbelt så mykje

– Vi kunne nok brukt det dobbelte her i Sogn og Fjordane av det vi har fått, men samstundes så forstår eg at vi er det fylket som har fått aller mest. Det seier jo noko om det behovet som er, seier Kjelsnes.

Måndag var ho og den nasjonale rassikringsgruppa hjå samferdsleminister Ketil Solvik-Olsen for å fortelje om behovet dei ser i åra som kjem og gjentok kravet om eit sikkert offentleg vegnett innan 2030.

– Vi oppmoda om at løyvingane til rassikring må aukast, og i alle fall passere to milliardar i året.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser