Hopp til innhold

Fylket får 25 millionar i ekstra tapskompensasjon

Sogn og Fjordane fylkeskommune får 25 millionar kroner i tapskompensasjon. Det er innstillinga til kommunalkomitéen og som formelt skal vedtakast måndag.

Gunhild Berge Stang

TAPSKOMPENSASJON: Gunhild Berge Stang er fylkesleiar i Venstre.

Foto: Marie Stafsnes Osland / NRK

Det er tre millionar kroner meir enn det fylkeskommunen i utgangspunktet hadde forventa, og budsjettert med.

– Det er gledeleg sjølv om vi også var veldig nøgde med 22 millionar som vi først fekk på plass, så er den endå betre med 25 millionar kroner, seier fylkesleiar i Venstre, Gunhild Berge Stang.

Etter at regjeringa la om inntektssystemet for fylkeskommunane, kom Sogn og Fjordane svært dårleg ut. Fylkeskommunen må kutte mellom 167 og 225 millionar kroner fram mot 2019.

Både opplæring og samferdsle står føre store kutt, og det kan bety nedlegging av vidaregåande skular og mindre pengar til vegar og kollektivtransport.

Klart signal

I innstillinga frå kommunalkomitéen blir det peika nettopp dei utfordringane som fylkeskommunane har synt til når det gjeld vidaregåande opplæring.

– I det ligg det eit klart signal om at ein skal bruke tapskompensasjonen til å prioritere vidaregåande opplæring. Det handlar om å skjerme det tilbodet vi har, prioritere ungdommane og satse på kvalitet i vidaregåande opplæring.

Må prioritere opplæring

I forhandlingar med regjeringa fekk Venstre og og Kristleg folkeparti gjennomslag for 60 millionar i auka tapskompensasjon til fylkeskommunane . No er det altså klart at Sogn og Fjordane får 25 av desse millionane.

– Men med tanke på den økonomiske stoda fylkeskommunen er i så er det ikkje mangel på område å bruke pengane på?

– Difor blir det ekstremt viktig å prioritere. Venstre har vore veldig tydlege på at vi skal prioritere ungdom og vidaregåande opplæring. Det vil seie at ein må vere villig til å prioritere vekk noko, slik at denne løyvinga ikkje forsvinn i ein vegstrekning eller nokre slagholer, men blir brukt på å opplæring, seier Berge Stang.