NRK Meny
Normal

Fylket blir profilert på bokmål

Reisemål i Sogn og Fjordane blir profilerte på bokmål over ei heil side i Bergens Tidende.

Kalvåg

Kalvåg blir marknadsført på bokmål

Foto: Arild Nybø

No meiner Sogn og Fjordane Mållag at nettstaden visitnorway.no må ta språk på alvor, og reklamere for turistmål i Sogn og Fjordane på nynorsk.

Forundra

- Det forundrar meg. Eg synest at dei burde reklamere på nynorsk.

Det seier leiar i Sogn og Fjordane målag Tor Eikemo. For når nettstaden visitnorway.no skal reklamere for vakre opplevingar i Sogn og Fjordane, gjer dei det på bokmål.

- Eg synest dei som annonserer burde setje krav til kva slags målform annonsen skal vere på, seier Eikemo.

"Finn din perle"

"Finn din perle" er overskrifta i annonsa, og her er kva visitnorway.no har å tilby

"Liker du god atmosfære, god mat og ramsalt kystkultur? Da er Knutholmen og fiskeværet Kalvåg stedet."

"Undredal er en bygd med ca 85 innbyggere og fire ganger så mange geiter. Vi tilbyr overnatting i vakre og rolige omgivelser. Kort vei til fantastiske turopplevelser."

- Unødvendig

Ein av dei som får god reklame over ei heilside i Bergens Tidende er Leif Inge Underdal i Opplev Underdal:

- Eg synest det er heilt unødvendig å bruke bokmål når dei presenteter våre destinasjonar her i området, særleg når vi brukar nynorsk i marknadsføringa elles.

Burde ikkje de sjølve setje tydelege krav til visitnorway?

- Eg kan godt signaliserer mitt synspunkt, men i forkant av dette har vi ikkje sett annonsa, seier Underdal.

Viktigaste distribusjonskanal

Visitnorway er Innovasjon Norges sin viktigaste distribusjonskanal i marknadsføringa av Norge som ferieland, både i Norge og internasjonalt. Per Arne Tuftin i visitnorway.no forstår at mållaget ønskjer at Sogn og Fjordane skal bli marknadsført på nynorsk og tek kritikken til seg:

- Vi tar kritikken. Årsaka til at dei er skrivne på bokmål, er at dette er fellesproduksjonar som blir brukte i mange aviser, dermed har ikkje vi vore flinke nok til å tilpasse rett målform.

Ta meir på alvor

Tuftin lovar at dei skal ta språk meir på alvor i framtida;

- Eg skal ta det opp med mine folk, og så skal vi sjå korleis vi kan gjere dette betre seinare. Dette tar vi til etterretning og skal hugse det neste gong vi lagar annonsemateriell.

Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå