Hopp til innhold

Vegar opna etter jordras - framleis stengt i Gulen

Kraftig regnvêr sette sitt preg på vegane i morgontimane. No er rasstengde vegar opna att.

Ras i Matbjøra

Det har ausa ned natt til torsdag og utover dagen er det venta at det skal bøtte ned over Sogn og Fjordane.

Tidleg torsdag morgon hadde styggevêret allereie sett sitt preg på vegane, der ein veg er stengd på grunn av jordras, ein annan av at vegen har rasa ut, medan ein tredje var stengd på grunn av fare for ras.

På fylkesveg 610 mellom Sande og Viksdalen i Gaular kommune vart vegen stengd ved Matbjøra på grunn av eit jordras. Vegtrafikksentralen varsla først at raset, på grunn av rasfare, ikkje ville bli rydda før i ettermiddag. Vegen vart opna like før klokka 11.

Innbyggjarar og politikarar i Gaular har kravd tunnel forbi det rasfarlege partiet. Raset i dag har uansett gått på ein stad som vil ligge utanfor strekninga der det er tenkt tunnel, får NRK opplyst av Vegvesenet.

Like før klokka 08.30 får NRK opplyst ved Vegtrafikksentralen at raset ved Matbjøra ikkje blir rydda før i ettermiddag. Årsaka er faren for nye ras.

Utglidning ved Matbjøra

UTGLIDING: Jordraset på fylkesveg 610 mellom Sande og Viksdalen i Gaular kommune er meir som ei utgliding frå terrenget like over vegen.

Foto: Magnar Hellebust

Kan bli stengd i fleire dagar

I Gulen er fylkesveg 57 på strekninga Sløvåg-Rutledal stengd ved Dalsøyra på grunn av fundamentet på vegen har rasa ut. Ifølgje politiet er det snakk om at vel 50 meter av vegen har sklidd ut og gått ned mot fjorden.

Ein geolog og ein geofysikar frå Vegvesenet er framme på plassen i 12-tida for å vurdere kva som må gjerast for å reparere vegen. Den blir ikkje opna i dag, og kan bli stengd i fleire dagar, melder Vegvesenet.

– Halve vegbana er øydelagt. Ingen er tekne av raset, sperra på staden, skreiv politiet på Twitter like over klokka 07.

Politiet skildra det som eit ras, men det er altså snakk om ei utrasing av vegbana. Brannvesenet er på staden, medan politiet er på veg.

– Det er fundamentet på vegen som har glidd ut. Entreprenøren er kalla ut, får NRK opplyst ved Vegtrafikksentralen i Bergen klokka 7.15.

Innsatsleiar for brannvesenet John Kjetil Strand fortel til NRK at det har rasa ut meir massar frå vegen etter at dei kom til staden.

Deler av fylkesveg 57 ved Dalsøyra i Gulen har rasa ut i

KAN BLI STENGD LENGE: Fylkesveg 57 i Gulen kan bli stengd ein lengre periode etter at ein del av vegbana i dag tidleg rasa ut i området ved Dalsøyra.

Foto: Gulen brannvesen

Stengde veg på grunn av rasfare

Vegtrafikksentralen kunne tidleg torsdag morgon ikkje seie noko om kor tid det blir aktuelt å rydde vekk rasa som har gått. Truleg vil det tidlegast bli gjort noko når det lysnar.

Fylkesveg 609 mellom Askvoll og Førde var tidleg torsdag morgon stengd ved Heilevang på grunn av fare for ras. Dette er eit rasutsett område der Vegvesenet ofte må stenge vegen ved store nedbørsmengder fordi det er fare for ras.

Klokka 08.30 melder Statens vegvesen av strekninga no er opna att.

I tillegg er fylkesveg 55 over Sognefjellet stengd på grunn av uvêr, medan Vegvesenet melder at det på riksveg 13 over Vikafjellet er krevjande forhold i morgontimane. På fjellovergangen mellom Vinje i Voss og Vik i Sogn er det meldt om redusert sikt enkelt stadar, liten kuling og snøbyer. Her kan det bli kolonnekøyring på kort varsel.

Sterk storm ved Stad

Statsmeteorolog Martin Granerød ved Vêrvarslinga på Vestlandet fortel tidleg torsdag morgon at det i løpet av natta har vore mål sterk storm ved Stad. På det meste var vindstyrken 40 sekundmeter i kasta. Grensa på orkan er 32 sekundmeter.

Ved Ytterøyane fyr vest for Florø vart det samstundes meldt full storm. På Kvamsfjellet i Jølster vart det i natt målt vindkast på 39 sekundmeter, det vil altså seie orkan i kasta. I halv sekstida torsdag morgon blåste det full storm på kysten av Sogn og Fjordane.

Tidleg torsdag morgon har Vegtrafikksentralen fått fleire meldingar om tre som har lagt seg inn i vegbana på grunn av den sterke vinden. Både på fylkesveg 616 ved Isane i Bremanger, på fylkesveg 611 ved Stavang i Naustdal og på E39 i Halbrendslia i Førde har tre delvis sperra vegen. Men dette er det no ordna opp i, får NRK opplyst i 7.15-tida.

Jordskred ved Matbjøra

STENGT: Ein jordbakke har sklidd ut på fylkesveg 610 ved Matbjøra mellom Eldalsosen og Sande i Gaular.

Foto: Statens vegvesen