Hopp til innhold

Fylkesveg 60 opna igjen etter ras

Etter å ha vore stengd på grunn av steinras i over 52 timar, er fylkesveg 60 opna att mellom Olden og Innvik.

Steinras mellom Olden og Innvik

RYDDA: Statens vegvesen har rydda raset som laurdag dundra i vegbana på fylkesveg 60 ved Ugla i Stryn.

Foto: Magne Gunnar Holen

Vegen har vore stengd sidan 11-tida laurdag då store steinblokker dundra i vegbana ved Ugla.

Både ein personbil og ein mjølkebil frå Tine var sekund frå å bli trefte av raset. Til alt hell vart ingen skadde i raset. Vegen vart opna like før klokka 1530.

– Det kom ned tre-fire store steinblokker, samt tre og mindre blokker. Fjellklatrarar har reinska og sikra seg nedover, opplyser prosjektleiar drift og vedlikehald i Fjordane, Lars Erik Karlsen.

Det vart først opplyst at også Holentunnelen skulle opne i dag, men trafikken vert først sett på tysdag. Tunnelen skulle etter planen opne måndag.