Hopp til innhold

Fylkesveg 60 er framleis stengt etter steinraset laurdag formiddag

Fylkesveg 60 mellom Olden og Innvik vert ikkje opna opp att før måndag. Vegvesenet anbefaler omkøyring via Ev 39.

Steinras mellom Olden og Innvik

STEINRAS: Store krefter var i sving då raset kom dundrande ned på Fv 60 ved Ugla mellom Olden og Innvik.

Foto: Magne Gunnar Holen

Det var i 11-tida laurdag at eit større steinras losna ved Ugla mellom Olden og Innvik. Sidan då har vegen vore stengt.

Reknar med å opne vegen måndag

Søndag har klatrarar og geolog vurdert faren for nye ras. Vegen vart ikkje opna søndag kveld, men Lars Erik Karlsen i Statens vegvesen håpar på å få opna vegen i løpet av måndagen.

– Vi reknar med at når det lysnar vil vi pusse opp vegen, rydde opp på vegbana og ordne litt med asfalten. Vi vil då vidare vurdere og sjå om det har vore noko meir liv der i løpet av natta og deretter opne vegen, fortel Karlsen som reknar med at måndag føremiddag vil gå før dei får opna.

Karlsen seier ved 09-tida måndag morgon at det var meir å reinske enn dei hadde trudd. Vegen vil difor tidlegast kunne opne klokka 12.

Ingen vart skadde

Fjellsida på rasstaden mellom Olden og Innvik.

RASSTADEN: I denne fjellsida løsna steinane.

Foto: Magne Gunnar Holen

Til alt hell vart ingen skadde då steinmassane kom deisande ned i vegbana laurdag føremiddag, men det kunne gått gale. Pål Westberg Langrind frå Oslo var farleg nære raset.

– Det kom veldig brått. Kona merka at steinblokka kom. Eg hadde ikkje stor fart, 40–50 kilometer i timen, så eg fekk bremsa opp. Vi fekk eit tre i bilen, men den største steinblokka landa fem-ti meter framfor bilen, fortel Westberg Langrind.