Fylkespolitikarane er mot kutta i psykiatrien

Eit samrøystes fylkesutval støttar ordføraroppropet mot kutta i psykiatritilbodet til barn og unge.

Fylkesutvalet seier nei til forlenga liv for bokbåten Epos.

STØTTAR ORDFØRAROPPROP: Fylkesutvalet er samd med ordførarane i fylket om at det ikkje bør kuttast i barne- og ungdomspsykiatrien.

Foto: Eldgrim Fossheim

Helse Førde planlegg å redusere med nær tre stillingar. Fylkesordførar Åshild Kjelsnes seier fylkesutvalet ikkje kunne sitte roleg og sjå på at det skjer.

– Vi har bygd opp bra tenester i dette fylket. Då vil vi ikkje sitte roleg og sjå på at andre berre riv det ned.

På torsdag skal styret i helseføretaket avgjere om det blir kutt på seks millionar i psykiatrien. Då kan nær tre stillingar på poliklinikken for barn og unge forsvinne.

Eid-ordførar Alfred Bjørlo tok initiativ til oppropet som alle ordførarane i fylket har skrive under på. Han meiner styret må stogge kutta.

– Eg har god tru på at styret kjem til å legge vekt på vårt innspel. Det er eit område som er sårbart for kutt med det nivået det har kome ned på. For det har vore gjort omfattande kutt i åra bak oss, og det har vi godteke, men no er det på eit nivå der der vi må halde det oppe der det er.

– Meir ei tilpassing enn kutt

Jon Bolstad

- TILPASSING: Direktør Jon Bolstad i Helse Førde meiner dei leverer gode tenester innan barne- og ungdomspsykiatri.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Administrerande direktør Jon Bolstad i Helse Førde kallar det omstillingar, ikkje kutt. Han seier helseføretaket leverer gode resultat.

– Vi har veldig god dekning når vi ser på dei nasjonale krava som finst innan barne- og ungdomspsykiatri. Vi leverer god kvalitet på effektivitet, vi leverer veldig god kvalitet på måten ting blir organisert på, også mot våre samarbeidande kommunar. Samla sett meiner eg at det er meir ei tilpassing enn ein kuttsituasjon.

Men fylkesordføraren er glad fylkesutvalet støtta ordføraroppropet.

– Dette er viktige tenester. Vi har hatt og har gode tenester, og vi har ikkje råd til å forringe dei, seier Åshild Kjelsnes.

Åshild Kjelsnes

REDD FOR FORRINGA TILBOD: Fylkesordførar Åshild Kjelsnes meiner det er grunn til uro dersom Helse Førde gjennomfører kutta.

Foto: Guro Kvalnes / NRK
Atle Steinar Solheim vart overraska med nyheita om at han er ein av fem nominerte
Over 80 barn var samla på Jølstraholmen for å tjuvstarte adventstida med pynting av pepperkakehus.
Å levera lekser på nett er ikkje lett når internett-tilgangen er dårleg. 
Men det ER realiteten for mange skuleelevar i distrikta. 
Skilnadane er store, trass i at bruk av data får ein stadig større plass i skulen.