NRK Meny

Fylkesutvalet skal drøfte Fjord1

Klokka 10 møtest fylkesutvalet i Førde. På saklista står ei sak, konkurransetilsynet sitt nei til Fjord1-sal. Ankefristen for å klage på vedtaket går ut i morgon. På møtet i dag blir politikarane i fylkesutvalet orienterte om kor vidt Torghatten vil anke. Ifølgje avisa Firda er fylkesordførar Jenny Følling blitt orientert om Torghatten si avgjerd. Resten av fylkesutvalet vil bli orienterte bak lukka dører. Frå før er det kjent at fylkeskommunen ikkje vil anke.

Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå
Milliongåve til Redningsselskapet som takk for innsatsen