Hopp til innhold

Fylkesutvalet seier nei, går mot siste seglas for bokbåten Epos

Ein følgjetong av dei sjeldne har truleg fått sitt nest siste kapittel skrive. Etter møte i fylkesutvalet ser det mørkare ut enn nokon gong for bokbåten Epos.

Bokbåten Epos

SISTE REIS: Sjansane for at bokbåten Epos får halde fram seglingsruta si etter neste år minkar etter at fleirtalet i fylkesutvalet har sagt nei.

Foto: Maria Svåsand / NRK

– Vi kan ikkje gå inn for alt vi har lyst til, dessverre. Og det er litt meiningslaust å skulle gå for ein eittårig avtale, det ville berre blitt å skubbe avgjerda eitt år fram, seier Trude Brosvik frå Kristeleg Folkeparti.

Ho har lenge vore ein forkjempar for båten, men under møtet i fylkesutvalet måndag kveld, valde også ho å seie nei til at bokbåten får halde fram med sitt tilbod. I over 50 år har båten segla innom krikar og krokar i Sogn og Fjordane, Hordaland og Møre og Romsdal. I tillegg til å vere eit bibliotek har innbyggjarar i grisgrendte strøk også fått tilbod om andre kulturelle opplevingar om bord i båten.

– For meg og KrF har bokbåten vore veldig viktig. Den gjev eit tilbod til brukarar på mindre plassar der dei ikkje har fått så stor del av samfunnet sine gode, seier Brosvik.

Berre Venstre ynskjer å halde liv i båten

Likevel er ikkje tilbodet viktig nok til at partiet ser seg råd til å prioritere det i ein utfordrande økonomisk situasjon. Sogn og Fjordane fylkeskommune står overfor store kutt, opp mot 120 millionar kroner. Tidlegare frykta ein ei endå større innsparing, men etter at det vart klart at ein får rentekompensasjonsmidlar har kutta blitt noko reversert. Likevel må det skjerast til beinet fleire stader. Å kutte bokbåten gjev ei innsparing på vel 1,3 millionar kroner.

Fylkesutvalet seier nei til forlenga liv for bokbåten Epos.

NEI: Berre Venstre sin representant i fylkesutvalet gjekk inn for at bokbåten Epos skal få halde fram.

Foto: Eldgrim Fossheim

Marit Barsnes Krogsether frå Venstre var den einaste på måndagens møte som gjekk inn for å halde opp tilbodet frå det seglande biblioteket.

– Det er feil signal å skjere ned blant unge, ungar og eldre på plassar der dei ikkje har vesentlege kulturtilbod. Eg syns dette er eit godt tilbod som vi bør ha.

Det er ikkje første gong framtida til båten har hange i ein tynn tråd. Fleire gonger i sitt 51 år lange liv har båten vore truga av nedlegging. Venstre meiner båten fortener å bli redda nok ein gong, og få eit enno lenger liv.

– Det kostar pengar, men vi gjorde tidlegare eit vedtak på at kultur burde få monaleg meir pengar om det kom meir pengar på sentralt hald. Det har vi fått, og då syns eg vi bør sjå på kultursektoren med nye auge, konkluderer Krogsether.

Endeleg avgjerd i saka kjem på Fylkestinget.