NRK Meny
Normal

No vil dei ha dialog - inviterer Fjord1 til møte

I to timar sat fylkesutvalet i Sogn og Fjordane bak lukka dører for å diskutere Fjord1-saka. Konklusjonen er at dei vil møte styret i Fjord1 ansikt til ansikt for å drøfte saka vidare.

Fylkesutvalet har lukka møte om Fjord1-saka

VIL SNAKKE: Fylkesutvalet vil møte styret i Fjord1 for å diskutere vegen vidare.

Foto: Eldgrim Fossheim / NRK

– Fylkesutvalet inviterer styret i Fjord1 til eit fellesmøte førstkommande måndag, seier fylkesordførar i Sogn og Fjordane, Åshild Kjelsnes.

Rett før påske vart det kjent at Norled og Fjord1 har inngått ein intensjonsavtale om å greie ut grunnlaget for å etablere eit nytt, stort sjøselskap på Vestlandet.

Sidan har bølgjene slått hardt inn i skutesida på begge selskap.

Sogn og Fjordane fylkeskommune er majoritetseigar i Fjord1, og fylkespolitikarane bad før påske styret i Fjord1 om å oppheve avtalen.

Vil betre dialogen

Toppsjefen i Fjord1, Dagfinn Neteland, har vore klar på at han vil rå styret til å gå vidare med arbeidet med å fusjonere Fjord1 med Norled, trass i at fylkeskommunen i Sogn og Fjordane har vendt tommelen ned for intensjonsavtalen.

Tidlegare i dag signaliserte styreleiar i Fjord1, Reidar Sandal, at styret ønskte kontakt med fylkeskommunen for å finne ei tenleg ordning for selskapet.

Den dialogen kan komme i stand førstkommande måndag, seier Kjelsnes.

– Tema for møtet vert korleis ein skal betre dialogen og korleis ein skal følgje opp det vedtaket som fylkesutvalet gjorde før påske, seier Kjelsnes.

Vil ha ein breiare prosess

Spesielt viktig vert det å følgje opp det såkalla punkt tre.

– Det går korleis ein ønskjer ein vidare prosess med Norled, men i den breiare prosessen, seier Kjelsnes.

Åshild Kjelsnes

SJÅ FRAMOVER:- Eg oppfattar at begge partar har interesse av dialog og eit møte, seier fylkesordførar i Sogn og Fjordane, Åshild Kjelsnes.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

– Men før påske vedtok de at de ønskjer intensjonsavtalen stoppa. Kva med det punktet?

– Fylkesutvalet har gjort eit vedtak, og der er det punkt tre vi konsentrerer oss om og som er framtidsretta. Så får vi sjå kva som kjem ut av møtet på måndag, seier Kjelsnes.

Vil styrke selskapet

– Ordet tillitskrise har vore brukt om situasjonen som har oppstått. Var det tema på møtet i kveld?

– No må vi sjå framover. Det er eit viktig selskap som betyr mykje for fylket vårt. Det skal vi jobbe for å prøve å styrke, seier Kjelsnes.

– Reagerer politikarane på at styret i Fjord1 seier dei ønskjer å gå vidare med intensjonsavtalen om fusjon?

– Eg og fylkesutvalet oppfattar at styret har gjort eit utsettingsvedtak medan dei ventar på eit møte med oss. Eg oppfattar at begge partar har interesse av dialog og eit møte, seier Kjelsnes.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.