NRK Meny
Normal

Fylkesutvalet delt om politireform

Eit splitta fylkesutval vedtok i dag ei fråsegn til regjeringa der dei er svært kritiske til fleire av konklusjonane i avtalen mellom regjeringspartia og Venstre om politireforma.

Fylkesutvalet

DELT OM POLITIREFORM: Fylkesutvalet handsama i dag politireforma.

Foto: Eldgrim Fossheim / NRK

Kravet frå fleirtalet er at mellom anna at Sogn og Fjordane får halde fram som eige politidistrikt. Denne fråsegna fekk støtte frå Senterpartiet, Arbeidarpartiet, KrF og Venstre.

– Vi ynskjer at Fylkesutvalet skal uttale seg svært tydleg på at Sogn og Fjordane framleis skal vere eige politidistrikt . Dette er noko vi i Arbeidarpartiet har kjempa for, og som vi står på fram til siste slutt, seier gruppeleiar for Ap, Nils P Støyva,

Mindretalet, Høgre og Frp ville ha ei anna fråsegn, utan krav om å vere eige politidistrikt, men med krav om at nærpolititenestene må bli betre her i fylket etter omlegginga.

Noralv Distad

SER STORE MOGLEGHEITER: Gruppeleiar for Høgre, Noralv Distad.

Foto: Halvor Farsund Storvik / NRK

– Vi har nok ein meir positiv tilnærming enn det som fleirtalet i fylkesutvalet har, seier gruppeleiar for Høgre, Noralv Distad. Vi ser og store moglegheiter for Sogn og Fjordane i det som ligg i avtalene mellom dei tre partia i å bygge opp kompetanse og bruke den kompetansen som er i Sogn og Fjordane.

Braut med moderpartiet

Den store overraskinga i fylkesutvalet i dag var kanskje Venstre. Trass i at Venstre har skrive under avtalen med regjeringspartia og sikra fleirtal for politireforma i Stortinget. I fylkesutvalet røysta gruppeleiar for Venstre, Marit Barsnes Krogsæther saman med Senterpartiet, Arbeidarpartiet og KrF for å behalde Sogn og Fjordane som eige politidistrikt

Marit Barsnes Krogsæter

BRAUT MED MODERPARTIET: Gruppeleiar for Venstre, Marit Barsnes Krogsæther.

Foto: Marta Kvikne

– Det er fordi eg meiner dette blir tatt i feil rekkefølge. No skal vi inn i ei regionreform, og så byrjar vi å dele ut stykke av den før vi har tatt det samla. Eg meiner at inntil vi er komne i gang med regionreforma og veit korleis den blir, så må behalde det slik som det er i dag.

Fleirtal i Stortinget

Om politireforma er omstridd i Sogn og Fjordane , har den fleirtal i Stortinget. Støyva vil likevel ikkje legge seg på same taktikk som Høgre som i staden for å kjempe for Sogn og Fjordane som eige politidistrikt, i staden prøver gjere det beste ut av den avtalen som ligg føre.

Nils P. Støyva

KJEMPAR FOR SOGN OG FJORDANE SOM EIGE POLITIDISTRIKT: Gruppeleiar for Ap, Nils P Støyva.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

– Vi ser at det er ei fleirtal i Stortinget som går for dette, men i den avtalen som no ligg føre så er det vel opna opp for at det kan gjerast justeringar, og det er dei justeringane vi håpar å få til slik at vi framleis kan vere eit eige politidistrikt, seier Støyva