NRK Meny
Normal

Fylkesrådmannen: Ny strukturutgreiing om eitt og eit halvt år

Politikarane si løysing på skulestriden fører til at ein må ha ein ny debatt alt om eitt og halvt år. Det meiner fylkesrådmann Tore Eriksen.

følling

LEIAR MØTET: Fungerande fylkesordførar Jenny Følling har no sett i gong møtet i fylkesutvalet. T.v. fylkesrådmann Tore Eriksen, t.h. Anders Ryssdal (Sp).

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Fylkesutvalet vedtok klokka 14.50 å støtte hovudutvalet for undervisning sitt framlegg til korleis skulestrukturen skal vere i Sogn og Fjordane dei komande åra. Det inneber mellom anna oppretthalding av skulane i Høyanger og Stryn, men nedleggjing av avdelinga på Jølster, samt Luster vidaregåande skule.

Då fylkesrådmann Tore Eriksen tok ordet i debatten, så la han ikkje skjul på at det kan kome snarlege omkampar om både struktur og innhald i skulane.

Han la i sitt opphavelege forslag opp til ein struktur som skulle vare fram til 2020, medan politikarane no ikkje ser lenger fram enn til årsskiftet 2016 / 2017.

– Då er vi der at vi må starte nytt planarbeid som må starte om eitt og halvt år. Vanskeleg å sjå for seg at vi ikkje skal drive strukturarbeid når det politikarane legg opp til er ein struktur som skal stå til 2016, sa fylkesrådmannn til fylkesutvalet sine medlemer.

– Må vere diskusjon

Anders Ryssdal (Sp) meinte derimot at det er både rett og naturleg at det vil kome opp diskusjonar om både skulekvalitet og struktur oftare enn det fylkesrådmannen ønskjer.

– Samfunnet og elevane endrar seg, eg trur det er rett at det kjem opp ein diskusjon om den vidaregåande skulen med jamne mellomrom, slo Ryssdal fast.

Frank Willy Djuvik (FrP) reagerte også sterkt på fylkesrådmannen sin uttale om at det kan kom ein ny strukturdebatt alt om eitt og eit halvt år.

– Eg blir utruleg bekymra at han seier at vi må ha eitt nytt planarbeid om 1,5 år. Vi må leggje overordna føringar som hovudutvalet for undervisning skal halde seg til. Vi må leggje klare premissar, sa Djuvik.

– Færrast mogleg på hybel

Heilt i starten av debatten lanserte KrF eit eige forslag om å behalde medielinja på Firda vidaregåande skule. I tillegg til at dei støttar dei andre politikarane sitt syn om melllom anna å oppretthalde skulane i Stryn og Høyanger.

– Eg vil berømme utvalet fordi dei har klart å samle seg så bra, og har hatt ein såpasss god tone og samling i denne saka. Det vi har lagt til grunn er at færrast mogleg må på hybel, sa Trude Brosvik (KrF).

Ho stilte og spørsmål ved om korleis ein skal definere det å ha ein "robust" skulestruktur her i fylket.

– Eg synes det er interessant når vi får diskusjonar om kva som er ein robust fylke og kva som er kvalitet. Viktig at vi sjølve ikkje overdriver betydningen av ordet robust sett gjennom brillene til dei som bur meir sentralt, sa Brosvik.

Vil halde på frisørlinja

Frank Willy Djuvik (FrP) tok i sitt første innlegg til orde for mellom anna å halde på frisørlinja i Høyanger, i staden for å flytte den til Eid.

- Eg må ha ei alvorleg god logisk forklaring på kvifor vi skal gå inn for eit slikt forslag, der vi er med på å snu kvar ein stein for å spare pengar, sa Djuvik.

Han peika og på verdien av å halde på idrettslinja i Stryn, ikkje minst med tanke på den breie satsinga der på skiskyting.

- Om vi skal ha eit regionalt idrettstilbod i Nordfjord, så er det vel meir naturleg at denne ligg i Stryn såleis, sa Djuvik.

Går gjennom forslaga

Hovudutval for undervisning gjekk tidlegare i ettermiddag inn for ein skulebruksplan som mellom anna inneber nedleggjing av Mo og Jølster og Luster vidaregåande skular.

Fylkesutvalet sine medlemer har no ein gjennomgang av dei ulike forslaga som ligg i bordet, og dei ulike partigruppene vil ta ordet etterkvart.

Dei har og høve til stille spørsmål til fylkesrådmannen om detaljar i skulebruksplanen.

Vurderer 1-13-skule

Alt ligg alt til rette for at fleirtalet i fylkesutvalet vil gå for den same løysinga. I tilrådinga frå hovudutvalet for undervisning ligg det inne ei oppretthalding av dei vidaregåande skulane i Stryn og Høyanger, men med eit redusert tilbod. I vedtaket er det og skissert at Høyanger kan bli ein prøvestad for ein 1-13-skule.

Det vil i praksis seie eit tett samarbeid mellom kommunen og fylkeskommunen, der elevane kan gå heile skuleløpet i heimkommunen.

Beklager, vi kunne ikke vise innholdet.
Se «Sogn og Fjordane Fylkeskommune Web-TV» i nytt vindu

Norvall Nøringset

VEDTAK: Norvall Nøringset og resten av undervisningsutvalet gjekk inn for å oppretthalde skulane i Stryn og Høyanger.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK
Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå