NRK Meny
Normal

Skuldar partifellar for klønete uttale

– Klønete, seier Trude Brosvik om KrF-kollegaene i Hordaland og Rogaland sitt regionutspel. – Eg tok nok litt for mykje Møllers Tran i uttalen, vedgår fylkesleiaren i Hordaland.

Trude Brosvik i Balestrand

KLØNETE: Trude Brosvik (KrF) tykkjer partifellane i Rogaland og Hordaland har vore klønete i utspelet om ein storregion utan Sogn og Fjordane.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

KrF i Hordaland og Rogaland meiner dei to fylka må gå saman i ein region, sidan Sogn og Fjordane er ei sinke i dette arbeidet.

Dette har vakt oppsikt i det politiske miljøet i Sogn og Fjordane.

– Dei har ikkje gjort leksa si. Dei har ikkje sjekka ut korleis det har vore i Vestlandsrådet, der det faktisk er Sogn og Fjordane som tre gonger har teke dette opp. Då har Rogaland og Hordaland vore lunka, seier Trude Brosvik, fylkesleiar i Sogn og Fjordane KrF.

– Beklaga seg

Det var etter eit møte måndag at dei to partia semja om resolusjonen. Bakgrunnen er at dei to fylka er likare kvarandre i næringsstruktur og aktivitet. Intensjonen er at ein seinare kan utvide Vestlandsregionen.

Både tysdag kveld og onsdag morgon var Brosvik på tråden til fylkesleiar Pål Kårbø i Hordaland KrF. Kårbø har onsdag også snakka med fylkesordførar Åshild Kjelsnes (Ap).

– Han beklaga seg. Både det at ein ikkje var inkludert på førehand, men også at det kom så skeivt ut som det gjorde. Det vil ikkje han ta ansvar for, seier Brosvik.

For mykje tran

Overfor Bergens Tidende etterlyste fylkesleiar Kårbø i Hordaland KrF eit meir offensivt og tydelegare initiativ frå Sogn og Fjordane.

Pål Kårbø

FYLKESLEIAR: Pål Kårbø er fylkesleiar i Hordaland KrF.

Foto: Krf

Han vedgår å ikkje ha kjennskap til kva som har gått føre seg i Vestlandsrådet.

– Eg tok nok litt for mykje Møllers Tran i uttalen om det som har skjedd i Vestlandsrådet. Det tek eg på mi kappe. Eg kjenner ikkje til debattane der. Men dersom det er slik at ein må kvalitetssikre i alle organ før ein uttalar seg, så blir det håplaust å meine noko. Det har ein ikkje kapasitet til, seier han til NRK.

Ville ikkje ha konflikt

Kårbø er overraska over reaksjonen uttalen har skapt i fjordfylket og presiserer at Sogn og Fjordane er hjarteleg velkomne til å vere med i arbeidet.

Laster kart, vennligst vent...

SLIK VIL DEI HA DET: Fylkeslaga til KrF i Hordaland og Rogaland meiner desse to fylka (i blått på kartet), er like kvarandre i næringsstruktur og aktivitet. – Og det står eg fast ved, forsikrar leiar i KrF Hordaland, Pål Kårbø.

– Det er ein fordel å vere med i arbeidet frå starten av, seier han og er glad for at uttalen har skapt debatt og sett regionarbeidet på dagsorden.

– Intensjonen var å seie noko om Hordaland og Rogaland. Det var ikkje meininga å skape konflikt mot Sogn og Fjordane, seier han og legg til:

– Uansett er Vestlandsregionen noko vi ynskjer, og det er ein jobb som må gjerast i Vest. Der trur eg ikkje vi får noko hjelp frå Oslo.

Vil ha region

I Sogn og Fjordane KrF seier Brosvik at dei går til val på ein region som er større enn eit fylke.

– Vi har konkretisert i programmet vårt at det vil vere gunstig å jobbe for ein større region, men seier der Hordaland, Sogn og Fjordane og delar av Møre og Romsdal. Utgangspunkt. Vitsen med det heile er å få store oppgåver. Om ikkje kan Sogn og Fjordane like godt vere åleine, seier Brosvik.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.