Hopp til innhold

Fylkestopp handla varer ulovleg for tre millionar – no skal alt seljast

LEIKANGER (NRK): Ein utru tenar handla for millionar på fylkeskommunen si rekning. No leiger dei inn hjelp for å bli kvitt dei 12.500 varene.

Kring 800 beslag i straffesak mot tidlegare fylkestopp.

VARELAGER: Profesjonelt lydutstyr, kamera og dronar var berre noko av det fylkestoppen handla inn for fylkeskommunale pengar. No skal alt seljast.

Foto: Bård Siem / NRK

– Her er det smått og stort, og gammalt og nytt. Vi må gjennomføre ein viss konkurranse om dette. Så får vi sjå kven som kan gje oss det beste beløpet for varene.

Tore Eriksen

SELJAR: Fylkesrådmann Tore Eriksen skal kvitte seg med varer til ein ukjent verdi.

Foto: Silje Guddal / NRK

Fylkesrådmann Tore Eriksen har fått utstyr for millionar i fanget. Alt frå kamera og dronar, til sjampanjekjølarar og røykmaskin. No leiger han inn hjelp for å bli kvitt det.

Håpar å selje alt samla

I fjor vart ein tidlegare tilsett i Sogn og Fjordane fylkeskommune dømd til to år fengsel i Sogn og Fjordane tingrett.

Dommen slår fast at han har handla privat utstyr til 3 millionar kroner for fylkeskommunen si rekning. I tillegg må han betale fylkeskommunen 2,7 millionar kroner i erstatning.

Mannen anka saka, men den vart avvist av Gulating lagmannsrett i desember. Dermed er det eit omfattande varelager fylkeskommunen plutseleg har fått hand om.

– Vi har rammeavtale med eit advokatfirma som hjelper oss med det. Vi reknar med at vi får dette avhenda til ein av fire kontaktar. Då vil dette bli avhenda samla ut ifrå ein avtale med den som vil kjøpe dette.

Kring 800 beslag i straffesak mot tidlegare fylkestopp.
Foto: Bård Siem / NRK

– Kor mykje kan ein slik avtale koste?

– Det har vi ikkje oversikt over.

– Kunne de selt dette sjølv, i staden for å leige inn nokon til å gjere det?

– Teknisk kunne det sikkert gått an. Men vi har ikkje folk som jobbar med slikt, og vi vil heller ikkje prioritere å prøve å gjere det i eigen regi.

Ukjent salssum

– Kor store summar kan de få inn?

– Det har vi ingen oversikt over. Vi veit kva beløp som er brukt for å kjøpe inn dette utstyret, men vi har ingen oversikt over kva marknaden er viljug til å betale for dette.

Saka har vore lang og vond for alle involverte. Difor ser fylkesrådmannen fram til at det skal bli sett eit endeleg punktum.

– Det vil vere veldig godt. Det har vore ei kjedeleg sak. Vi har sett på det som ei personalsak også. Vi beklagar at saka oppstod, men når det ført kom måtte vi ta den, seier Tore Eriksen.