Hopp til innhold

Fylkestinget vil kurere rekkeviddeangst for elbil-eigarar

LEIKANGER (NRK): No vil fylkeskommunen bygge fleire hurtigladestasjonar langs vegane i fylket.

Ladestasjon for elbil

FÅR FLEIRE: Fylkespolitikarane vil ha fleire ladestasjonar på sentrale stader i fylket.

Foto: Kallestad, Gorm / NTB scanpix

Eit samrøystes fylkesting vedtok å etablere ei tilskottsordning for å bygge ladestasjonar ved viktige knutepunkt og vegar i fylket.

Frå før har ENOVA ei ordning som dekker strekninga mellom Lærdal og Florø. Fylkeskommunen vil gi pengar til å bygge straumstasjonar som ikkje er dekka av ENOVA.

– Eg trur mange vegrar seg for å kjøpe elbil eller hybridbil fordi dei er redde for å gå straumtomt langt oppe i ein snødekt dal. I det grøne skiftet er etablering av ladestasjonar i distrikta alfa og omega, seier Gunhild Berge Stang frå Sogn og Fjordane Venstre.

Ho har sjølv kjøpt seg elbil, men seier det ikkje er grunnen til at ho meiner det er på sin plass at fylkeskommunen bidreg til fleire ladestasjonar i fylket.

Gunhild Berge Stange

VENSTRE: Gunhild Berge Stange, snart elbil-eigar, er nøgd med at fylkeskommunen skal gå i spissen for utbygging av hurtigladestasjonar for elbilar.

Foto: Sigrid Skjerdal / NRK

Pengar frå statsbudsjett

I årets statsbudsjett vart det sett av 304 millionar til ladestasjonar og grøn skipsfart. Nokre av desse pengane kan kommunar og fylkeskommune søke om å få hos miljødirektoratet.

I tillegg har fylkeskommunen litt ekstra pengar på bok som har vore sett av til klimaprosjekt. Dei vil gi opp til 100 000 til kvart prosjekt.

– Vi ser at veksten for elbil er stor også her i fylket, sjølv om vi ligg langt bak landssnittet. Det heng saman med geografi, og avstandar. Men no håpar eg kommunar vil ta initiativ og få i gang prosjekt, så er fylkeskommunen her for å bidra, seier Aleksander Øren Heen (Sp) om ladestasjon-løftet.