Bamseklem og gledestårer for bru i Solund

LEIKANGER (NRK): Fylkestinget gjekk inn for veksle ferje inn i bru i Solund. Viss staten seier ja.

Gunn Åmdal Mongstad får klem av Arnstein Menes

BAMSEKLEM: Solund-ordførar Gunn Åmdal Mongstad (Sp) får ein solid klem frå sin partifelle Arnstein Menes. For få sekund sidan vedtok eit samrøystes fylkesting om søkje ferjeavløysing i heimkommunen hennar.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Gunn Åmdal Mongstad måtte tørke gledestårer, og fekk solide bamseklemmar frå sine politikar-kollegaer.

Noralv Distad på talarstolen

GRATULERER: Noralv Distad (H) meiner dette var ein gledesdag for Solund, og får resten av fylket.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Etter ein årelang kamp gjekk fylkestinget i dag inn for å søkje om ferjeavløysing i Solund. Planen er å erstatte ferja til ytre Solund med ei bru ved ytre Steinsund.

Noralv Distad (H) leiar samferdselsutvalet i fylket og spratt som førstemann opp på talarstolen då saka var til handsaming.

– Det er kjekt med gladsaker. Og dette er ei ordentleg gladsak! Dette betyr mykje for dei som bur i Solund. Men også for heile Sogn og Fjordane.

Bruprosjektet i Solund blir dermed det første prosjektet i fylket som blir formelt vurdert som ferjeavløysing. Fylkespolitikarane stod i kø for å heie og gratulere prosjektet.

– Gratulerer med dagen til innbyggjarane i Solund. Dette er eit viktig steg på vegen til ei bru, sa fungerande gruppeleiar Aleksander Øren Heen i Senterpartiet.

Jenny Følling og Gunn Åmdal Mongstad klemmer

RØRT: Gunn Åmdal Mongstad (Sp) vart omfamna av sin partifelle og fylkesordførar Jenny Følling.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Rørt til tårer

I salen sat Solund-ordførar Gunn Åmdal Mongstad (Sp). Ho er også fylkestingsrepresentant og fekk vere med på det historiske vedtaket.

Ho måtte tørke tårer undervegs i debatten, og ikkje minst då fylkespolitikarane stod i kø for å klemme ho etterpå.

– Eg er kjempeglad over at vi er komne så langt! Eg er veldig glad på vegner av alle dei som bur i Solund, og som har kjempa for dette i mange, mange år.

– Eg har måtte tørke opp til fleire gledestårer, ler ho.

– Eg ser for meg alle som dette betyr noko for, og det blir veldig sterkt.

Fylkestinget røyster

SAMRØYSTES: Alle i fylkestinget heva hendene i vêret for å seie ja til å søkje om ferjeavløysing i Solund,

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Ap vil ha bru likevel

Brua er kostnadsrekna til om lag 750 millionar kroner. Staten vil betale mesteparten. Men det kan bety reine rentekostnadar på opp mot 230 millionar kroner for fylkeskommunen.

Det var grunnen til at Arbeidarpartiet varsla at dei ikkje ville sende søknaden under fylkesutvalet kvelden i førevegen.

Men i fylkestinget hadde dei ombestemt seg, fortalde Harald Bjarte Reite (Ap):

– Ap vil også heie på dette prosjektet. Vi har eit sterkt ønskje om at søknaden skal bli sendt. Men vi vil ikkje vere med på å leggje det inn i økonomiplanen i morgon. Sjølv om ferjeavløysinga er god, er den ikkje sjølvfinansierande. Og då kan brua kome i konkurranse med andre prosjekt.

Ap og Frp varsla at dei ikkje ville setje av pengane brua vil koste i økonomiplanen. Dei vil heller kome tilbake til det når dei har fått svar på søknaden.

Fleirtalet i fylket legg inn pengane med ein gong.

– Eg håpar folk merkar seg skilnaden på dei som berre vil kaste inn ein søknad. Og dei som faktisk vil legge inn pengar til det i økonomiplanen, svarte Øren Heen (Sp).