Hopp til innhold

Fylkesrådmannen: – Innkjøpa ikkje legitime

FØRDE (NRK): Fylkesrådmann Tore Eriksen var tydeleg då han vitna mot den tidlegare toppsjefen i fylkeskommunen som er tiltalt for økonomisk utruskap på 3,7 millionar kroner.

Tore Eriksen

VITNA: – Eg blir litt satt ut. Det er heilt meiningslaust, sa fylkesrådmann Tore Eriksen om innkjøpet av ein champagnekjølar til 11 000 kroner. (arkivfoto)

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

– Innkjøpa var irrelevante og ikkje legitime, sa Eriksen.

Dag fire av rettssaka mot den tidlegare toppleiaren i Sogn og Fjordane fylkeskommune starta med vitnemål av fylkesrådmann Tore Eriksen.

Fylkeshuset Sogn og Fjordane

ALVORLEG: Fylkesrådmannen vitna onsdag mot den tidlegare toppsjefen i Sogn og Fjordane fylkeskommune som er tiltalt for økonomisk utruskap på 3,7 millionar kroner.

Foto: Arild Nybø / NRK

Eriksen forklarte at han vart merksam på at ting ikkje var som det skulle vere like før jul i 2014.

– Assisterande fylkesrådmann kom inn på mitt kontor med ein rapport frå IKT-tenestene som hadde avdekka noko som kunne vere alvorleg. Vi vart samde om å be om ein ny rapport, som vi fekk vesle julaftan, forklarte fylkesrådmannen.

Den gav grunnlag for ein ytterlegare rapport som leiinga jobba med gjennom jul og nyttår. Då den låg føre 15. januar, var omfanget så alvorleg at fylkesrådmannen måtte ta opp telefonen og ringe politiet.

Politiet svarte med å beslaglegge heile 800 gjenstandar. Alle som den tidlegare toppsjefen kunne ha kjøpt inn på fylkeskommunen og skattebetalarane sin kostnad.

Nettverk

Aktor Magnus Engh Juel ville vite kva utstyr det konkret vart reagert på først.

– Eg fekk opplyst at det var kjøpt inn nettverksutstyr som ikkje inngjekk i standardmateriellet. Dette kunne vere alvorleg, for vart det utplassert i vårt nettverk så kunne andre få tilgang. IKT-folka skanna nettet og fann heller ikkje utstyret utplassert nokon stad, fortalde Eriksen.

Den tidlegare direktøren i fylkeskommunen er tiltalt økonomisk utruskap i millionklassen, ved at han over lang tid har kjøpt inn utstyr som påtalemakta meiner ikkje har relevans for drifta av tenestene han hadde ansvaret for.

Mykje er brukt og lagra på den lokale fotballklubben som tiltalte har tilknyting til. Utstyr det er snakk som skal vere datautstyr, film og lydutstyr, gåvekort, verktøy, dronar, trenings og friluftsutstyr, byggematerialar, mobiltelefonar. Og ei røykmaskin.

Tiltalte har vedgått berre delvis straffskuld. At han har brukt om lag 150 000 kroner på ulovleg vis.

Magnus Engh Juel og Stig Nybø

I RETTEN: Aktor Magnus Engh Juel og forsvarar Stig Nybø.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Fleire år

Utstyret skal ha blitt kjøpt inn over fleire år. Aktor ville vite kvifor fylkeskommunen ikkje oppdaga dette tidlegare.

Grunnen var at tiltalte hadde halde seg innanfor terskelverdiane som fylkeskommunen har, svarte fylkesrådmannen.

– Det ville vore større sjanse å oppdage dette tidlegare om dei årlege budsjetta hadde blitt overskride. Eller om innkjøpa hadde vore over 100 000 kroner. Sakene låg ikkje til rette for å bli oppdaga der det kunne bli oppdaga, forklarte Eriksen.

Rettssak
Foto: Bård Siem / NRK

Men han la til at fylkeskommunen no har fått på plass rutinar som lettare kan fange opp slikt i framtida.

– Og det er viktig for meg å seie at fylkeskommunen faktisk oppdaga det. Det var gjennom ein internkontroll. Elles kunne dette ha halde på lenge, sa Eriksen.

Brukt på fotballklubb

Aktor ville vite kva som er legitime kjøp og kor mykje av innkjøpa som er brukt av fylkeskommunen.

Eriksen svara at det mest spesielle med saka er den store mengda som faktisk er kjøpt inn. Og at utstyret ikkje er teke i fylkeskommunal bruk.

– På meg verkar det som tiltalte har vore meir oppteken av kva anna bruk utstyret kan nyttast til, enn kva fylkeskommunen har nytte av, sa han.

I retten vart det trekt fram kjøp av skredsekker og lavvo. Og ein champagnekjølar til 11 000 kroner.

Tiltalte vedgjekk sjølv at forklaringa han sjølv gav for dette kjøpet var «tullball». Noko Eriksen sa seg samd med.

– Eg blir litt satt ut. Det er heilt meiningslaust. Fylket treng ikkje champagnekjølar, sa Eriksen.

– Fleire gjorde det

Forsvarar Stig Nybø spurde om fylkesrådmannen trudde tiltalte hadde prøvd å halde innkjøpa skjult.

– Tiltalte var på 28 av 30 leiarmøte. Det er over 100 møtetimar. Kjøp av utstyr vart aldri teke opp. Når det ikkje vart det, sit eg med ein følelse av at dette har han prøvd å halde under radaren, svarte fylkesrådmannen.

Forsvarer Nybø viste til ei anna tenesteeining i fylkeskommunen der leiarar på lågare nivå kunne gjennomføre innkjøp, og at han oppfatta det slik at tiltalte hadde same fullmakt.

– Det vil i så fall vere unntaket og ikkje regelen. I denne saka har eg følelsen av at unntaket har vore regelen, sa fylkesrådmannen.

– Men du gjev ei opning for at innkjøp kunne gå føre seg slik som tiltalte har gjort, spurte forsvarar.

– Kanskje, svarte Eriksen.

Advokat Stig Nybø

FORSVARAR: Stig Nybø ville vite om andre einingar i fylkeskommunen også hadde ein litt lausare innkjøpspraksis.

Foto: Bård Siem / NRK

– Hyggeleg

Ein tidlegare overordna gav den tiltalte gode skottsmål etter fylkesrådmannen.

– Tiltalte er intelligent og grei å vere saman med. Ein dyktig fagmann på sitt felt. Men vi gav han kanskje litt for frie tøyler. Eg trur han likar å bli likt, og å kunne løyse utfordringar for fotballklubben sin.

– Det har overskygga det å ha ein rein sti økonomisk. Slike innkjøp er uakseptable, sa vitnet.