Hopp til innhold

Fylkesrådmannen vil samle fylket til éin kommune - men ikkje alle er positive

Eitt fylke. Ein kommune. Slik ser fylkesrådmann Tore Eriksen for seg framtida for Sogn og Fjordane. Men politikarane er lunkne.

Tore Eriksen

TENKJER STORT: Inspirasjon til ein gigantkommune i Sogn og Fjordane har fylkesrådmann Tore Eriksen henta frå Oslo, som i dag er åleine i landet med å vere både ein kommune og fylkeskommune.

Foto: Oskar Andersen

Med om lag 100 tusen innbyggjarar ville Sogn og Fjordane blitt den sjette største kommunen i landet etter dagens målestokk. Eriksen meiner ein likevel kan sikre nærleik til tenestene.

– Det er nettopp det dei har gjort i Oslo ved at dei har bydelar. Vi kunne hatt kommunedelar. Dei har direkteval til bydelane, det kunne vi òg hatt. Dei delegerer stort mynde til bydelane, det kunne vi òg ha gjort, seier han.

Eitt av to forslag

Fylkesrådmann Tore Eriksen har leia det nasjonale ekspertutvalet som har sett på framtida til fylkeskommunen i lys den storslåtte kommunesamanslåinga.

For eigen del har han latt seg inspirere av Oslo.

– Det spesielle med Oslo er at dei både er ein kommune og ein fylkeskommune. Det er det ingen andre som har moglegheit til å vere i dag. Oslo kan til dømes sjå på heile oppvekstløpet for barn og unge. Det er det ingen andre kommunar, ingen andre fylke, som har høve til å gjere, seier Eriksen.

Gigantkommunen er ein av to modellar Eriksen føreslår. Den andre er ein vestlandsregion der fire fylke slår seg saman.

Politikarane er lunkne

I dag skal fylkespolitikarane avgjere kva modellar som skal utgreiast. Særskild Venstre er skeptisk til ein gigantkommune.

Marit Barsnes Krogsæter

SKEPTISK: Marit Barsnes Krogsæter (V) er ein av fylkespolitikarane som er skeptiske til forslaget.

Foto: Marta Kvikne

– Det synst eg ikkje noko om, for den vil ta oppgåver som i dag er i kommunane og desentraliserte her i fylket, opp til eit regionalt nivå, seier gruppeleiar i Venstre, Marit Barsnes Krogsæter. Ho vil heller ha fylkesrådmannen sin plan B.

– Vi vil ha større regionar og større kommunar, seier Krogsæter.

Fylkesrådmannen er ikkje overraska over skepsisen, men håpar likevel at politikarane torer å tenkje nytt.

For han meiner det hastar. Allereie neste år må kommunestyra bestemme kva kommunar dei ønskjer å slå seg saman med, innan 2016 skal fylkesmannen teikne det nye kommunekartet for Sogn og Fjordane og i 2017 skal regjeringa og stortinget ta den endelege avgjerda.

– Viss vi ikkje no tek initiativ til å kople region og kommune, så meiner eg løpet er køyrt for å sjå desse to i samanheng. Vi må handle no, dersom vi skal få til løysingar innanfor den modellen eg no skisserer, seier han.