Fylkesrådmannen rår frå handelspark

Fylkesrådmann Tore Eriksen vil stoppe planane om ein stor handelspark rett utanfor Førde sentrum. Det går fram av ei innstilling til fylkesutvalet, skriv Firda. Innstillinga er i tråd med ein ny rapport som seier at handelsparken vil skape problem for Førde sentrum og andre byar og tettstader i fylket. Ordførar i Førde, Olve Grotle, seier til avisa at det blir feil å bremse investeringar i Førde, for å verne om andre stader.