Hopp til innhold

Fylkespolitikarane kan fjerne Førde sin status som fylkessenter

Eit fleirtal av politikarane i planutvalet har gått inn for å fjerne Førde sin status som fylkessenter. Dei vil i staden likestille sju tettstader som bu- og arbeidssenter.

Førde sentrum sett frå Hafstadkleiva

KAN MISTE STATUS: Førde kan miste sin status som fylkessenter.

Foto: Arild Finne Nybø / Creative Commons

– Førde er ikkje viktigare enn andre stader, seier Frank Willy Djuvik frå Framstegspartiet.

Det var Firda som først omtalte saka.

Frå før har Førde vore utpeikt som eit fylkessenter, medan dei seks stadene Måløy, Sandane, Stryn, Florø, Sogndal og Nordfjordeid har hatt nemninga regionsenter. No har eit forslag frå Djuvik om å jamstille alle dei sju vunne fram i det fylkeskommunale planutvalet.

– Det er utruleg viktig at vi byggjer opp nokre sterke stader her i fylket, men ikkje berre i Sunnfjord. Vi må også ha attraktive bymiljø fleire stader i fylket, seier Djuvik.

Sigurd Reksnes

VIL HA FØRDE SOM SENTER: Sigurd Reksnes og Senterpartiet ønskjer at Førde framleis skal ha status som fylkessenter

Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRK

Ordførar Grotle seier Førde er spesiell

Førdeordførar Olve Grotle (H) tykkjer Førde skil seg ut blant tettstadene i fylket, og at det burde kome fram i fylket sine planar for framtida.

– Ein av grunnane til at vi ikkje har hatt same folketalsutvikling som andre fylke, det er at vi har mangla byar. Mange peiker på at Førde er den staden som har kome lengst i løypa her i fylket, og at ein burde satse på å byggje opp den byen, seier Grotle.

Ordføraren peiker på at Førde har meir enn 9000 kompetansearbeidsplassar, og at 3000 menneske pendlar inn til byen kvar dag.

Olve Grotle

SKUFFA: Ordførar Olve Grotle er skuffa over at Førde kan miste statusen som fylkessenter.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Også Senterpartiet sin fylkesleiar Sigurd Reksnes meiner at Førde framleis burde ha ein opphøgd status samanlikna med dei andre stadene.

– Eg trur dei fleste i Sogn og Fjordane ser at det er Førde som er senteret, seier Reksnes.

Frank Willy Djuvik

IKKJE VIKTIGARE ENN ANDRE: Frank Willy Djuvik tykkjer ikkje Førde er viktigare enn andre regionsenter som Sogndal.

Foto: Sigird Skjerdal / NRK

Men Djuvik meiner at det ikkje berre er Førde som er viktig.

– Førde er veldig viktig for sitt omland, men det er også andre stader som er like viktige for sitt omland, til dømes Sogndal.

Florøværingar avgjorde

Forslaget frå Djuvik om at Førde ikkje lenger skal vere fylkessenter fekk støtte frå sju av representantane i planutvalet. Det var partia Høgre, Ap, FrP og MDG som støtta forslaget. Av desse er fem busett i nabobyen Florø, kjem det fram i Firda. Eit mindretal på fire ville halde fram på dagens ordning. Desse var frå partia Senterpartiet og KrF.

Saka skal no ut på høyring, før fylkespolitikarane skal gjere eit endeleg vedtak i april neste år.