Kampen om kven som skal eiga Fjord1 tilspissar seg etter at det sunnmørske reiarlaget Havila har sikra seg Møre og Romsdal sine aksjar i selskapet.
Men Havila kan fort enda opp med å eiga 41 prosent i eit selskap der konkurrentane Torghatten, Tide eller Boreal blir partnerar.
For Fylkeskommunen er usikre på kva dei skal gjere med aksjeposten sin, og fleire aktørar står klare til å kjøpe Sogn og Fjordane sine aksjar i Fjord1.
– Eg kan verken stadfeste eller avkrefte det, seier fylkesrådmann Jan Øhlckers.
Forhandlingsstart i dag
Øhlckers er Sogn og Fjordane sin forhandlingsleiar. I dag startar han forhandlingane med Havila om ein aksjonæravtale.
- LES OGSÅ: Havila kjøper Fjord1-aksjar
Men Øhlckers vil ikkje seie noko om andre ferjeselskap snusar på fylkeskommunen sin aksjepost i Fjord1.
– Eg har ikkje lyst til å kommentere noko når det gjeld desse forhandlingane, seier Øhlckers.
I tenkjeboksen
Etter det NRK kjenner til har fleire store ferjeselskap har hatt kontakt med Sogn og Fjordane fylkeskommune om kjøp av fylkeskommunen sin aksjepost i Fjord1 på 59 prosent.
- LES OGSÅ: Ny eigar klar til hausten
- LES OGSÅ: - Bør selje aksjane
Fylkeskommunen har truleg for lite pengar til å kunna gjera dei investeringane som må til for at Fjord1 skal vinna tøffe anbodskonkurransar i framtida.
Å selja alle aksjane er difor eit av fleire scenario.
Konsernsjef i Boreal transport, Kjetil Førsvoll, seier til NRK at Fjord1 er eit interessant selskap.
– Fjord1 er nummer ein i verda på gassferjer, selskapet er veldrive og har mykje kunnskap, seier Førsvoll.
– Selskapet er dessutan sterke der Boreal ikkje er det, og slik sett hadde det passa godt for oss, seier konsernsjefen.
Førsvoll vil ikkje kommentera om Boreal har vore i kontakt med Sogn og Fjordane fylkeskommune om aksjekjøp, men seier at i den grad fylkeskommunen har aksjar å selja, reknar han med at dei har kontakta dei selskapa som har interesse av å kjøpa.
Følgjer utviklinga
Konsernsjef i Torghatten trafikkselskap, Brynjar Forbergskog, stadfestar at han følgjer interessert med på kva fylkeskommunen føretek seg med Fjord1.
Men han vil ikkje svare på om Torghatten er interessert i å kjøpe Sogn og Fjordane fylkeskommune sine aksjar.
Held korta tett
25. august skal Fylkestinget bestemme seg kva skal gjere med aksjeposten i Fjord1.
Førebels held forhandlingsleiar Jan Øhlckers taktikken for seg sjølv.
- I den fasen vi er i no, så held vi korta tett til brystet, seier fylkesrådmannen.