Hopp til innhold

Fylkesordføraren rasar mot lokalavis i Fjord1-saka

HERMANSVERK (NRK): Fylkesordførar Jenny Følling går no hardt ut mot avisa Firda sitt oppslag om ei påstått kopling mellom ho, ein tidlegare Fjord1-direktør og samrøre med Torghatten.

Jenny Følling på kontoret på fylkeshuset på Hermansverk

KRASS KRITIKK: Fylkesordførar Jenny Følling meiner avisa Firda går langt over streken i ein artikkel om hennar påståtte rolle i Fjord1-saka.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

I ettermiddag sende Følling ut ei pressemelding der ho i sterke ordelag kritiserer avisa for det ho meiner er usanne og misvisande påstandar. Samstundes reagerer ho på det ho karakteriserer som ein «spekulativ bruk» av anonyme kjelder.

– Eg reagerer svært sterkt på påstandane om at det skal vere ein samanheng mellom eit møte for over to år sidan, og det som no er resultatet av ein salsprosess. Det har ikkje rot i verkelegheita. Det er absurd, feilaktig og manglar fullstendig dekning, seier Følling til NRK.

Meiner Firda driv svertekampanje

I Firda sin artikkel hevdar fleire kjelder at dåverande Fjord1-direktør Leif Øverland ville ha ein fusjon med Torghatten og at det var kontakt mellom Øverland og Følling i samband med dette.

Følling avviser alt som kjem fram i artikkelen, og ho hevdar at fylket si største avis har hatt slagside i debatten om framtida for Fjord1, og at dei har drive det ho kallar ein svertekampanje.

– Eg synest det har vore mange oppslag no som har vore insinuerande og som prøver å svekke min tillit. Eg står for det eg har gjort, men eg finn meg ikkje i at eg blir tillagt planar eller motiv. Det er heilt uhøyrt, slår Følling fast.

Følling nektar ikkje for at ho har hatt møter med tidlegare Fjord1-direktør Leif Øverland som politikar.

Redaktøren forstår ikkje kritikken

Men ho nektar hardnakka at dette har relevans for debatten om Fjord1 dei siste vekene. Ein debatt som enda opp med eit knappast mogleg fleirtal for sal av fylkeskommunen sin aksjepost til Torghatten.

– Dei insinuerer samanhengar som ikkje har rot i verkelegheita. I artikkelen blir det hevda at det var lagt ein plan for å selje til Torghatten for to år tilbake. Det er fullstendig feil, seier Følling.

Yngve Årdal

– IKKJE UTE ETTER FØLLING: Redaktør i Firda, Yngve Årdal, meiner avisa har hatt ei balansert og objektiv dekning av Fjord1-saka.

Foto: Bård Siem / NRK

Redaktør i Firda, Yngve Årdal, kjenner seg ikkje att i kritikken. Han meiner avisa har hatt ei balansert dekking av saka og seier det heller er politikarane som må gå i seg sjølve.

– Dei har kome heilt skeivt ut frå starten av. Vi har vore kritiske til prosessen og at dei har hatt så dårleg tid. Men likevel meiner eg vi har hatt ei objektiv dekking, seier han.

– Ikkje ute etter å sverte Følling

Han avviser at dei i oppslaget kjem med insinuasjonar om skjulte motiv, men at dei konstaterer at det har vore eit møte mellom fylkesordføraren og den tidlegare Fjord1-direktøren.

– Vi er ikkje ute etter å sverte Følling og det er synd om ho føler det slik, seier Årdal.

Avgjerda om å bruke anonyme kjelder grunngir han i hemmeleghaldet som har regjert frå fylkeskommunen si side.

– Det har vore mange avtalar som ikkje har tolt dagens lys. Vi har drive vanleg journalistisk arbeid, snakka med veldig mange ulike kjelder og danna oss eit bilete av kva som skjer. Og det er ikkje berre éi anonym kjelde, det er opptil fleire som kan stadfeste kva som har skjedd, seier han.