Helseministeren utvida i går styret med nok eit medlem.
Det vart henta frå Rogaland som til saman har sju medlemer i styret. Dette likar Sandal lite.
- Ja, eg er skuffa og fortørna over dette, for eg tykkjer ikkje det er rett at det vert gjort på denne måten, seier han.
Utvida styret
For vel ei veke sidan vart Gunnvor Sunde vald inn som einaste medlem frå Sogn og Fjordane i Helse Vest sitt styre. Styret hadde opprinneleg 10 medlemer, men i går utvida helseministeren det med nok eit politisk styremedlem. Plassen gjekk til fylkesvaraordføraren i Rogaland.
- Kan få ei tøff oppgåve
Dette betyr at Rogaland no til saman har sju medlemer i styret, Hordaland tre, medan Sogn og Fjordane altså berre har ein medlem. Dette gjev ei for dårleg geografisk samansetting, meiner Sandal.
- Dersom det vert sterke dragningar om ressursar til dei ulike helseføretaka i Helse Vest, og det er den geografiske styrerepresentasjonen skal avspegle kvar midlane skal gå, då har vi eit tøff oppgåve, meiner Sandal.
- Ansvar for heile regionen
Politisk rådgjevar i Helse- og omsorgsdepartementet, Arvid Libak, seier den nye medlemmen vart henta frå Rogaland fordi Helse Fonna ikkje hadde noko medlem frå før. Han seier det har vore ei svært vanskeleg oppgåve å setta saman styra i helseføretaka i heile landet, fordi det skal vere jamn fordeling både av kjønn, parti og kompetanse i heile landet.
- Fordelinga skal vere rett innad i regionen, men det skal også vere rett på landsbasis. Dei som sit i styret har ansvar for heile Helse Vest, og ikkje berre fylket sitt, seier han.
- Hadde vorte styrka
Libak er sikker på at sjukehustilbodet i Sogn og Fjordane ikkje vert påverka av at fylket berre har ein representant, men Nils R. Sandal trur at styret hadde vorte styrka med fleire representantar frå Sogn og Fjordane.