NRK Meny
Normal

Fylkesordførar nøgd med budsjettet

Fylkesordførar Åshild Kjelsnes (Ap) er nøgd med førsteinntrykket ho har fått av regjeringa sitt framlegg til statsbudsjett for 2013.

Fylkesordførar Åshild Kjelsnes

NØGD: Fylkesordførar Åshild Kjelsnes er nøgd med regjeringa sitt framlegg til statsbudsjett.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Fylkesordføraren peiker på at framlegget inneheld ei rekke løyvingar til viktige prosjekt i fylket. 2013 vert eit nytt år prega av utbygging og nye tiltak i Sogn og Fjordane.

Regjeringa presenterte framlegget til statsbudsjett for 2013 måndag 8. oktober. Fylkesordføraren er glad for at statsbudsjettet prioriterer viktige samfunns- og velferdsoppgåver innan ansvarlege rammer.

– Budsjettframlegget sikrar gode tenester på alle nivå innan helse, omsorg, samferdsle og utdanning. Tryggleik og beredskap vert styrka, og det vert lagt til rette for auka verdiskaping i hele landet, seier Kjelsnes i ei pressemelding.

Sterk kommuneøkonomi

Medan seniorrådgjevar Kåre Træen hos fylkesmannen seier kommunane i Sogn og Fjordane kjem dårlegare ut enn landssnittet, er fylkesordføraren positiv til at regjeringa legg opp til det ho skildrar som ein sterk kommuneøkonomi.

(Artikkelen held fram under avrøystinga)

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Kjelsnes meiner det er ein føresetnad for eit godt velferdstilbod. Ho tykkjer også at det er gledeleg at det blir satsa på helse og omsorg, og viser til auka kapasitet for pasientbehandling ved sjukehusa og nye omsorgsbustadar og sjukeheimsplassar. Kjelsnes meiner statsbudsjettet aukar talet behandlingar, reduserte køar og betre kvalitet.

– Eg har merka meg at det er uvisst kva som vert det økonomiske resultatet av at kommunesektoren no skal dekkje auka pensjonskostnader utan at det vert særskilt kompensert, seier ho.

Statsbudsjettet inneber at fylkeskommunen i hovudsak kan vidareføre tenestenivået slik det er i dag.

Solid satsing på samferdsle

For Sogn og Fjordane sin del finn fylkesordføraren det ekstra gledeleg å registrere regjeringa si sterke satsing på samferdselstiltak.

Tre av dei elleve nye prosjekta i nasjonal samanheng er i Sogn og Fjordane.

– Det må vi vere godt nøgde med. Det viktige no er å sikre kapasitet til å gjennomføre alle prosjekta. Eg er også nøgd med at vi her i fylket ligg godt an med planlegging slik at vi er i posisjon til å setje i gang nye prosjekt når Nasjonal transportplan er vedteken i Stortinget i juni 2013, seier fylkesordføraren i pressemeldinga.

God kultursatsing

Men statsbudsjettet er ikkje berre veg og samferdsle. Med nær 60 millionar kroner til kulturlivet i fylket, meiner fylkesordføraren å sjå at kulturen får eit skikkeleg løft.

Kjelsnes har også merka seg med glede dei positive auka rammene til fleire kulturinstitusjonar og Høgskulen i Sogn og Fjordane.

– Alt i alt eit godt statsbudsjett for Sogn og Fjordane, avsluttar fylkesordføraren.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser