NRK Meny
Normal

Fylkesordførar meiner vegsatsing er for dårleg

I Sogn og Fjordane er det berre E39 mellom Myrmel og Lunde skal rustast opp av Vegvesenet dei neste åra. Dette er fleire misnøgde med.

Sprenging på Myrmel i Gaular

IKKJE NÅDD OPP: Fylkesordførar Jenny Følling meiner Sogn og Fjordane ikkje har nådd opp satsing på veg, når det berre er E39 mellom Myrmel og Lunde som ligg inne i planane til Vegvesenet.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

– Dette er alt for dårleg. Det er eit resultat av politiske prioriteringar på Stortinget og Nasjonal transportplan, seier fylkesordførar Jenny Følling (Sp).

Ho er skuffa over at det ikkje vert satsa meir på veg dei komande åra.

– Dette har vi påpeika fleire gonger. Vi må ha fleire nye prosjekt som vert starta. Dessverre er det berre Myrmel som er i startgropa. Det er ikkje bra for Sogn og Fjordane, seier Følling.

Totalt skal vegvesenet dei neste seks år bruke 135 milliardar kroner på ny veg, grøn satsing i byane og 30 nye vegprosjekt.

Staten vil bidra med halvparten av kostnadane til store kollektivinvesteringar i Oslo, Bergen, Trondheim og Stavanger.

– Togsatsinga i NTP var tung og stor. Vegane i fylket vårt har ikkje nådd opp. Vi treng å få utbetra flaskehalsane på vegnettet vårt, noko som er viktig for alle som ferdast på vegane, seier ho.

Uroa for stillstand

No fryktar Følling for at etterlengta utbetring vil ta fleire år.

– Det vert meir eller mindre stillstand på nye prosjekt. Ein må vente til neste rullering for å kjempe inn vegane våre. Då går det lengre tid, seier ho.

Fylkesordføraren peikar på fleire dårlege vegar, som ho meiner burde vore inne på NTP.

– På E39 har vi den store flaskehalsen på Vadheim. Det er heller ikkje noko om Strynefjellet eller Vikafjellet. To vegar som skal binde oss saman med omverda.

Meiner for mykje går til byane

Petter Sortland

IKKJE NØGD: Petter Sortland (Ap) i Høyanger tykkjer fylket får altfor lite til veg.

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

Arbeidarparti-ordførar Petter Sortland i Høyanger meiner byane får alt for mykje av vegpotten.

– Det er ei overvekt på kollektivsatsinga rundt dei store byane. Eg forstår at dei treng si samfunnsutvikling, men at vi i Sogn og Fjordane får berre eitt prosjekt, er altfor dårleg. Vi har også behov for å ruste opp vegnettet vårt, elles vil det gå utover næringsliv, befolkning og tryggleik.

Han er misfornøgd med kommunen ikkje fekk noko, og viser til vegen gjennom Vadheim der kommunen har gjort alt klart i forhold til kommunedelplan og reguleringsplan.

– Vegvesenet er klare til å starte opp, men det er ikkje løyvd pengar til strekninga Bogen til grensa til Gaular. Det tykkjer eg særs lite om, seier han.

– Det er aldri kjekt å vente

Stortingsrepresentant for Høgre, Frida Melvær, seier prioriteringane er tråd med NTP.

– Dette er eit resultat av vedtaka som er gjort. Eg trur ikkje det er noko fylke i landet som føler at dei får nok til sine vegprosjekt.

Fram til 2023 er det berre E39 mellom Myrmel og Lunde som ligg inne i planen til Vegvesenet.

– Det er aldri kjekt å vente, men sånn er det i konkurranse med resten av landet, seier Melvær.