Hopp til innhold

Fylkesnamn skapar debatt: – Vi er også vestlendingar

Både rogalendingar og sunnmøringar reagerer på at Sogn og Fjordane og Hordaland vil kalle seg «Vestlandet» i det som kan bli eit nytt storfylke.

Sølvi Hjellvik frå Ulesteinvik og Adrian Osmundsen frå Stavanger les i avisa

DÅRLEG IDÉ: Sølvi Hjelvik frå Ulsteinvik og Adrian Osmundsen frå Stavanger les om det nye storfylket «Vestlandet», men meiner namnet burde vore noko anna. Utan Møre og Romsdal og Rogaland kan ein ikkje kalle seg «Vestlandet», meiner dei to.

Vestlandet er jo mykje større enn Hordaland og Sogn og Fjordane. Skal nokon liksom stele den fellesnemning? Eg synest det vert feil, seier Adrian Osmundsen frå Stavanger.

Han får støtte frå sunnmøringen Sølvi Hjelvik frå Ulsteinvik. Dei to har akkurat lese seg opp på siste nytt om det nye storfylket, og reagerer på namnet «Vestlandet», utan at Møre og Romsdal eller Rogaland er med.

– Eg tenkjer at eg først er fremst er sunnmøring, men er nok likevel ein vestlending, seier Hjelvik.

Tysdag signerte fylkesordførarane i Sogn og Fjordane og Hordaland intensjonsavtalen om å slå saman dei to fylka til eit nytt storfylket, med namnet Vestlandet. Opphavleg skulle Rogaland vere med, men Fylkestinget stemte nei og braut forhandlingane seint i fjor.

Les meir: Bergen blir hovudstad – nynorsk blir språket

Rogalendinger på Høgskulen på Vestlandet likar ikkje namnet

SKEPTISK: Martin Slette, Martine Dahle Idland og Tomas Henriksen er alle frå Rogaland og meiner at det nye fylket burde finne seg eit nytt namn.

Foto: Espen Breivik / NRK

– I aller høgste grad frå Vestlandet

Dei sunnmøringane og rogalendingane NRK snakkar med på Høgskulen på Vestlandet campus Førde reagerer på namnet.

– Eg tenkjer at Rogaland i aller høgaste grad er vestlandet det også. Så ein kjenner seg kanskje litt utanfor, seier Tomas Henriksen.

– Dei burde funne på eit anna namn, legg Martine Dahle Idland til.

Også på Twitter kjem det reaksjonar:

Laster Twitter-innhold
Laster Twitter-innhold

Historisk feil, ifølgje historikaren

Oddmund Hoel

FORSKAREN: Oddmund Hoel frå Høgskulen på Vestlandet meiner Vestlandet blir for snevert.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Eit dristig namneforslag, meiner førsteamanuensis ved Høgskulen på Vestlandet, Oddmund Hoel. Han forstår reaksjonane, og har ikkje noko tru på «Vestlandet» som namn.

– Ein har aldri i historia brukt Vestland-omgrepet på denne måten.

Både Rogaland og Sunnmøre har vore ein del av det som har blitt kalla Vestlandet frå 1800/1900-talet av. Også delar av Sørlandet, før dette vart skilt ut, var dette også ein del av vestlandet. Derfor er det ikkje noko god løysing å gjere vestlandet så snevert.

Laster Twitter-innhold

Kan bli rundar hos Språkrådet

Fylkesordførar i Sogn og Fjordane Jenny Følling forsvarar forslaget til namn.

Jenny Følling

Jenny Følling (Sp) er fylkesordførar i Sogn og Fjordane.

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

– Konklusjonen vår er at vi er på det sentrale vestlandet, og det derfor er naturleg å bruke. Dei i sør omtalar vi ofte som Sør-Vestlandet og Nordvestlandet i nord, seier ho.

Namnet er ikkje eit spark bak til Rogaland da, som ikkje ville vere med i Vestlandsregionen?

– Dei har tatt det valet sjølv. Vi held fram med det namnet, og så får vi la debatten gå.

Det er likevel opp til Stortinget å ta stilling til både nye regionar og kva dei skal heite. Følling trur også det vert fleire rundar hos Språkrådet når det kjem til val av namn.