Hopp til innhold

Fylkesmannen: Planlagt nedlegging av skular er lovleg

Fylkesmannen har konkludert med at Balestrand kommune si planlagde skulenedlegging er lovleg. Til saman 13 elevar ligg dermed an til å miste skulane sine frå august.

Nesse skule

KAN BLI STENGD: Nesse oppvekstsenter på Nessane mellom Balestrand og Høyanger.

Foto: Ottar Starheim / NRK

Det var i starten av desember i fjor at kommunestyret i Balestrand, med 12 mot 5 røyster, gjekk inn for å leggje ned Fjordtun og Nessane skular, trass heftige protestar frå foreldre og lokalbefolkning.

Senterpartiet, Venstre og sinte foreldre kravde lovlegkontroll fordi dei meinte vedtaket var i strid med kommuneplanen og at kommunen ikkje har involvert lokalsamfunn og foreldre nok i prosessen.

Gunnar Hæreid hjå fylkesmannen seier vedtaket er lovleg, men at kommunen må gjere ein skikkeleg prosess før endeleg vedtak.

– Når ein gjer budsjettvedtak, har ein lov å leggje inn premissar for dette vedtaket. Mellom anna å spare ved å leggje ned skular. Dette er ikkje i vegen for at kommunar seinare kjem til at dei ikkje skal leggje ned skular likevel. Det er viktig å ha ein skikkeleg prosess på eventuell nedlegging, seier Hæreid.

Blir skulane lagde ned, må til saman 13 elevar må ta buss til Sagatun skule i Balestrand, ein tur som for nokre er 50 minutt. Kommunen reknar med å spare 1,58 millionar kroner på nedlegginga.

Det endelege vedtaket i saka blir fatta i kommunestyret i Balestrand 16. april.