Hopp til innhold

Fylkesmannen: Fekk forsvarleg helsehjelp

Veronica Heggheim Stegegjerde fekk forsvarleg helsehjelp frå kommunen sin før ho forsvann og døydde. Det har Fylkesmannen i Hordaland kome fram til.

Veronica Heggheim Stegegjerdet

DØYDDE: Veronica Heggheim Stegegjerdet blei funnen død i Barsnesfjorden i Sogndal i fjor haust.

Foto: Privat/Christian Blom

Fylkesmannen har sendt brev til Luster kommune med konklusjonen sin.

Det var spesialisthelsetenesta ved Indre Sogn psykiatriske senter som varsla Helsetilsynet om den alvorlege hendinga i byrjinga av desember.

Fylkesmannen i Hordaland blei oppnemnd som settefylkesmann for Fylkesmannen i Sogn og Fjordane som sa seg ugild i saka.

– Vi har sett på oppfølginga og behandlinga kvinna fekk både frå Luster kommune og frå spesialisthelsetenesta utan å finne brot på helselovgjevinga, skriv Fylkesmannen i Hordaland.

Dei har kome fram til at kvinna fekk tett og jamn oppfølging frå ulike delar av det kommunale hjelpeapparatet, i tillegg til poliklinisk oppfølging i spesialisthelsetenesta.

– Det var etablert ei ansvarsgruppe for å koordinere hjelpa. Vi har ikkje funne noko å utsetje på samarbeidet og kommunikasjonen mellom dei ulike tenestenivåa.

Fylkesmannen skriv vidare at kommunen si tilrettelegging av journalsystem for kommunepsykologen ikkje er i samsvar med god praksis, og at kommunepsykologen ikkje oppfylte plikta si til forsvarleg journalføring.

Veronica Heggheim Stegegjerdet blei funnen død i Barsnesfjorden i Sogndal i fjor haust. Regionlensmann Arne Johannessen sa i slutten av juli at ein kanskje aldri fullt og heilt vil få svar på kva som skjedde med Stegegjerdet.