Hopp til innhold

- Kommunen må vurdere korrupsjons- skuldingar sjølv

Fylkesmannen ber Leikanger sjølv vurdere om avtalen der Sognekraft vil gje kunsgras for kraftutbygging er lovleg.

Grusbana som kan få kunstgras.

Grusbana i Leikanger kan få kunstgras.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Ifølgje avtalen skal Leikanger få 1 million kroner til kunstgrasbane så snart kommunen stør søknad om vasskraftutbygging.

- Hestehandel

Utbygginga gjeld for Henjaelvi og Grindselvi .

I Leikanger har folk nytta ord som hestehandel, korrupsjon og smørjing om dette og har bede Fylkesmannen vurdere om ein slik avtale er lovleg.

Men Fylkesmann Oddvar Flæte seier dei førebels ikkje vil meine noko om saka og ber Leikanger kommune sjølv gjere ei vurdering.

- Kommunestyret må drøfte det

- Vi synst det er rett at kommunestyret drøftar det. Vi veit at det er ulike syn, men det er viktig at kommunestyret som organ drøftar problemstillingar som er reist i frå innbyggjarane i kommunen, seier Flæte.

Fylkesmann Oddvar Flæte

Fylkesmann Oddvar Flæte meiner kommunen må vurdere saka sjølv.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Det er informasjonskomiteen for Systrondvassdragi som har bede Fylkesmannen vurdere saka.

Spørsmålet er om det er greitt at Sognekraft lovar Leikanger ein ekstra million umiddelbart dersom kommunen tilrår ei utbygging som gjev minst 175 Gigawattimar. Underforstått betyr det at kommunen ikkje krev for høg minstevassføring.

Ein gigawattime tilsvarar omtrent det årlege forbruket til 50 norske huslydar.

- Varsemd er viktig

I svaret sitt seier Fylkesmannen at det er viktig å vere varsam så avgjerder ikkje blir oppfatta som kjøpt og betalt.

Ifølgje Flæte er ordlyden i det aktuelle avtaleframlegget uheldig sidan det kan skape eit slikt inntrykk.

- Det er likevel ikkje sikkert at avtalen er ulovleg, men det må kommunen først vurdere sjølv, seier Flæte.

Ingen kommentar

Olav Lunden

Leikanger-ordførar Olav Lunden meiner svaret frå Fylkesmannen er som venta.

Foto: Leikanger kommune

- Vi har rett og slett lyst å høyre på argumenta før vi eventuelt går vidare med ei vurdering av den lovmessige delen, forklarar Flæte.

Men ingen i informasjonskomiteen for Systrondvassdragi vil kommentere svaret frå fylkesmannen.

- Som venta

Leikanger-ordførar Olav Lunden seier svaret var som venta.

- Det vi kjem til å gjere er at vi ber advokaten vår å sjå på dette. Så vil vi vurderer dette fram mot kommunestyremøtet. Vidare er det opp til kommunestyret å gjere det nødvendige vedtaket, seier Lunden.