Hopp til innhold

Fylkesmannen snur – ordføraren jublar over at bygda kan få nye tilflyttarar

Fylkesmannen frykta møkkalukt og nekta det unge paret å kjøpe gardshuset. No har dei snudd.

Ervik på Stadlandet

BYGD MOT HAVET: Huset som er søkt frådelt ligg til venstre i biletet.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima
  • Les heile grunngjevinga til Fylkesmannen nedst i saka.

– Eg syns det er fantastisk. At vi blir høyrt av Fylkesmannen er flott, sidan alle politikarane i kommunen var samla om at vi ville få til dette. At nokon no vil flytte frå Austlandet til Ervik er heilt fantastisk, seier Selje-ordførar Stein Robert Osdal (KrF).

Det var i juni at NRK fortalde historia om Jonas Larsson og familien i Ervik på Stadlandet. Dei søkte om å få dele ut eit hus på garden sin som dei ikkje brukte og kommunen godkjende planane, men Fylkesmannen sa nei. Trass i at eit ungt par frå Oslo ville kjøpe huset.

Hus i Ervik på Stadlandet

VIL FRÅDELE: Jonas Larsson (t.v.) og ordførar Stein Robert Osdal (KrF) framfor huset som no kan bli lagt ut for sal, etter at Fylkesmannen trekte si klage.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

Frykta møkalukt

Tysdag morgon delte Selje-ordførar Osdal nyheita om at Fylkesmannen hadde snudd på si eiga Facebook-side.

– Vi har hatt ein god dialog med Fylkesmannen sidan vi gjorde vedtaket i kommunen. Fylkesmannen har no høyrt på våre argument og har no omgjort si klage. No får grunneigar lov til å frådele huset og det kan seljast til nokon som vil flytte til bygda, seier Osdal til NRK.

Alle politikarane i kommunen ville at huset skulle bli lagt ut for sal, men Fylkesmannen klaga. I klagen skreiv dei mellom anna at «Lukt frå spreiing av husdyrgjødsel eller støy frå landbruksmaskiner er døme på aktivitetar som kan føre til arealbrukskonfliktar».

– Tett kontakt

Kommunaldirektør Nils Erling Yndesdal hjå Fylkesmannen i Vestland seier dei har sett på argumentasjonen til Selje kommune etter å ha fått eit nytt vedtak frå kommunen.

– Særleg i saksutgreiinga har kommunen svart på ein del av dei punkta vi la til grunn for klagen. I tillegg har vi hatt tett kontakt med ordføraren for å få utdjupande informasjon i saka, seier han.

Yndesdal seier det er vanskeleg å vite kvar dei skal legge lista for å klage på vedtak frå kommunane.

– Regelverket er strengt, og Fylkesmannen skal berre ta tak i dei sakene som verkeleg har vesentleg betydning for dei interessene vi skal vareta.

– Kjem denne saka til å påverke korleis de behandlar liknande saker i framtida?

– Sakene er ikkje alltid heilt like, men vi er opptekne av å heile tida evaluere kva saker vi bør klage på og kva saker vi bør la passere.

Gler seg til nye naboar

Jonas Larsson er glad for at han no får dele ut huset på garden sin.

Jonas Larsson

NYE NABOAR: Jonas Larsson er glad for at fylkesmannen har snudd.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

– Det blir kjempekjekt å få nye naboar og tilflyttarar til bygda. Det betyr veldig mykje for slike små bygder.

– Kvifor trur du fylkesmannen har valt å snu?

– Det har vore eit sterkt politisk engasjement i saka, og så trur eg vel at Fylkesmannen kanskje har sett seg litt meir inn i den.

Stein Robert Osdal

GLER SEG: Selje-ordførar Stein Robert Osdal gler seg over at dei no kan få fleire tilflyttarar til kommunen.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK