Hopp til innhold

Fylkesmannen skryt av flaumberedskapen til kommunane

Fylkesmann Ann Karin Hamre meiner kommunane har takla flaumen på best mogleg måte.

Anne Karin Hamre
Foto: Noralv Pdersen / NRK

Flaumen vart aldri kritisk i Sogn og Fjordane, då den varsla nedbøren aldri vart så kraftig som først spådd. Men fylkesmannen er glad for at kommunane har teke situasjonen på alvor.

– Slik eg vurderer det har dette fungert så godt det kan vere. Det er veldig godt å sjå at kommunane som er mest utsette har vore veldig på. Dei har fått god trening frå tidlegare hendingar og veit kor gale det kan gå. Dei er gode på dette med beredskap no, seier Hamre.

Deler og ut ros til innbyggjarane

I tillegg vankar det òg ros til innbyggjarane, som Hamre meiner har vore flinke til å melde frå om farar.

– Det har vore tett dialog mellom kommunen og innbyggjarane. Dei har følgt med og meldt inn til kommunane om korleis situasjonen utviklar seg. Det er veldig viktig å ha den informasjonsflyten, seier ho.

Hamre meiner at nettopp lokalkunnskap er avgjerande i krisesituasjonar, som no under flaumen.

– Ein ting er å følgje er å følgje med på varslinga på nettet. Men elvane oppfører seg ulikt, og då er det veldig å ha folk som kjenner lokale forhold og kan gje gode tilbakemeldingar.

Lærdalselva
Foto: Vidar Jansen

– For tidleg å slappe av

Tidlegare i dag var også regiondirektør i NVE, Brigt Samdal, nøgd med måten kommunane har mobilisert mot flaumfaren.

– Dei har teke dette på alvor og vore klar for oppgåvene dei hadde framfor seg, sa Samdal.

Sjølv om situasjonen har roa seg og beredskapen verkar å fungere, meiner både Samdal og fylkesmannen at det er for tidleg å sleppe ned skuldrene.

– Sjølv om det ser ut til å roe seg ned, så er det framleis mykje snø i fjella som skal ned. Viss vêret endrar seg, så kan situasjonen bli verre. Så vi kjem til å ha ein beredskap gjennom sommaren, seier Hamre.

I dag gjekk flaumvarselet ned frå oransje til gult nivå, det nest lågaste på NVE sin skala. Men midt på dagen blei det oppjustert til nivå tre - oransje - igjen.