Miljøvernavdelinga hjå Fylkesmannen meiner den planlagde vegen vil gripe inn i natur- og strandområde på ein uheldig måte. Roald Koksøy som bur på øya Koksøy har kjempa lenge for å få veg, og er sjokkert over fylkesmannen si meining i saka. Han har arbeidd i fire-fem år for å få lov til byggje vegen, og trudde han no var ferdig med saka.
Motsegn
Planen er ein 2,5 km lang privat køyreveg frå Grima til Koksøy i Gulen som skal gi vegsamband til tre faste bustader og omlag 20 hytter. Vegen vil gå over fleire øyer og holmar, og omfattar kryssing av fleire sund med bruer og fyllingar. Miljøvernavdelinga hjå Fylkesmannen har no sendt eit brev til Gulen kommune der dei går imot desse planane, ei såkalla motsegn. Gøsta Hagenlund hjå Fylkesmannen meiner den planlagde traseen i stor grad vil påverke naturen og landskapet i området.
Roald Koksøy bur på Koksøy, der den eventuelle vegen skal ende opp. Her bur han med familie og to små born som kvar dag må køyrast til skulen i båt. Han har ikkje forståing for Hagenlund sine argument. - Det er jo bruer over alt rundt oss. At ei bru til skal skjemme slik i landskapet kan eg ikkje forstå, seier han.
Gøsta Hagenlund ser behovet for veg for dei fastbuande, men meiner likevel at i dette tilfellet er inngrepa og dei negative konsekvensane større enn dette behovet. Hagenlund seier vidare at det hadde stilt seg annleis dersom det hadde vore snakk om ein offentleg veg. Årsaka til at dei går til motsegn er at kommunen skal tenkje seg om ein gong til, seier han.
- Busetnad viktigast
Varaordførar i Gulen Kommune, Hallvard Oppedal, meiner på si side at å ha vegtilgong er ein menneskerett, og at dette omsynet må gå føre alt anna. Han seier det viktigaste er å få busetting i ein spreitt bebygd kommune som Gulen.
Saka skal no handsamast av kommunen på nytt, og viss ikkje dei gjer om vedtaket vil saka gå til mekling hos Fylkesmannen. Viss ikkje det fører fram vert saka endeleg avgjort i miljøverndepartementet.