– Det vi ser i planforslaget som er sendt ut på høyring er at kommunen legg opp til mange utbyggingar i strandsona, seier fylkesmiljøvernsjef Nils Erling Yndesdal.
I framlegg til ny kommuneplan prioriterer Flora kommune rikeleg med areal til spreidd bygging av bustader, fritidsbustader og næringsbygg ved sjøen. Fylkesmannen meiner at planen i for stor grad opnar for privatisering av strandsona.
Fylkesmannen har no levert motsegn mot fleire av punkta i kommuneplanen som omfattar strandsona.
- Les også:
- Les også:
Hindre forfall
I Flora avviser ordførar Bengt Solheim-Olsen (H) at det er snakk om ei storstila utbygging.
– Det vi ynskjer er å legge til rette for at folk som eig gamle naust og sjøbuer lettare kan nytte dei til noko som dei kan nyttast til, i staden for at dei berre står til forfall, og skjemmer ut strandsona, seier Solheim-Olsen. Dette er ein medviten politikk frå dei noverande leiande partia i kommunen.
– Men ser ikkje du og at dette vil føre til meir privatisering av strandsona slik også Fylkesmannen peikar på?
– Vi har 12 – 13 000 kilometer med strandline i Flora. Dette handlar ikkje om ei storstila utbygging av den offentlege strandsona i kommunen, men om å ta betre vare på deler av strandsona der det står bygg til forfall i dag, seier Solheim-Olsen.
100-metersbeltet
I motsegna mot kommuneplanen til Flora syner Fylkesmannen til at 100-metersbeltet langs sjøen er av nasjonal interesse, og skal takast omsyn til både ved planlegging og i enkeltsaker.
– Rett nok er Flora ein kystkommune der folk i stor grad bur og har arbeid knytt til sjøretta næring, men Fylkesmannen meiner at planen i for stor grad opnar for meir privatisering av strandsona, seier Yndesdal.
Dei fleste motsegnene frå Fylkesmannen gjeld krav om å trekkje utbyggingsområda noko tilbake frå sjøen.
– Vi har jo øyar i Flora der det ikkje kan tillatast bygging i det heile, om ein skal følge 100-metersregelen til punkt og prikke, seier Solheim-Olsen.
Motsegn
Fylkesmannen fryktar at når kommunen opna for omdisponering av sjøbuer til m.a. bustader, fritidsbustader eller næring i store deler av kommunen, vil dette kunne auke privatiseringa av sjølve strandkanten og samla sett gi store negative konsekvensar for omsyna bak strandsonevernet.
– Vi har no brukt det verkemiddelet vi har for å hindre at planen går i gjennom slik den no ligg føre, og har levert fleire motsegna knytt spesielt til dette med strandsone, seier Yndesdal.
– Vi ynskjer at Fylkesmannen har ein litt meir framtidsretta måte å sjå saka på, men eg må få lese motsegna frå fylkesmannen litt nøyare før eg uttalar meg for bombastisk, seier Solheim-Olsen.