Hopp til innhold

Hamre gir Bremanger ei hjelpande hand

Bremanger ønskjer 13 år til å betala Terra-gjeld. Det er meir enn lova tillet, men Fylkesmannen ber likevel departementet vurdera å gi Bremanger meir tid.

Fylkesmann Anne Karin Hamre

EIN GOD HJELPAR, MEN...: Fylkesmann Anne Karin Hamre er kritisk til at Bremanger ikkje har teke Terra-grep før.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

– Me har av omsyn til innbyggjarane - og dei lovpålagde tenestene dei har krav på - bede Kommunal- og moderniseringsdepartementet vurdera om det er grunnlag for å gi Bremanger meir tid, seier fylkesmann Anne Karin Hamre i Sogn og Fjordane.

Bremanger kommune har fått ti år til å dekkja inn underskot etter dei ulykksalige Terra-investeringane på 2000-talet. Og ti år er det maksimale som lova tillet. Likevel har kommunen søkt om å få ytterlegare tre år, fordi det samla underskotet deira framleis er på svimlande 93 millionar kroner.

Glad for Hamre-velvilje

– At Fylkesmannen vil hjelpa oss på den måten, er veldig bra, seier ordførar Audun Åge Røys (H) i Bremanger.

Grunnen til at Bremanger ber om meir tid, blir kalla «Terra 2»: Som den einaste av Terra-kommunane rota nemleg Bremanger også vekk ein bråte med pengar i såkalla derivatavtalar med Danske bank.

Sjølv om Hamre strekkjer ut ei hjelpande hand, har ho fleire kritiske merknader:

– Kommunen burde ha teke grep før. Dei hadde vedtak om å innføra eigedomsskatt i 2010, men har stadig utsett det, og fyrst frå 2016 har dei vedteke å innføra eigedomsskatt på bustad og fritidseigedommar. Det står i motstrid til kva mange andre kommunar i fylket har måtta gjort.

Audun Åge Røys, ordførar i Bremanger

SKUBBA DET VANSKELEGE FØRE SEG: - Me blei litt for opimistiske, seier ordførar Audun Åge Røys, som har utsett å innføra eigedomsskatt i år etter år sjølv om kommunen har hatt tresifra milliongjeld.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Røys tek sjølvkritikk

Fylkesmannen har fleire gonger påpeikt at Bremanger òg burde kutta utgiftene, men det har ikkje kommunestyret følgt opp tilstrekkeleg, meiner Hamre:

– Bremanger ligg høgt på mange tenester og kunne ha gjort kostnadsreduserande tiltak tidlegare, for å unngå å koma i den vanskelege situasjonen.

– Ho har rett. Me burde kanskje ha vore meir på hogget tidlegare med eigedomsskatten, men me hadde aldri trudd at det skulle bli så kritisk som det er no, seier ordførar Røys.

Kommunekassen tom til sommaren

Til sommaren kan Bremanger gå tom for pengar. Det får i så fall følgjer for lønsutbetalingane. Årsaka er at kommunen ikkje får ta opp lån for å fullføra eit nytt omsorgssenter, fordi 2015-budsjettet ikkje er godkjent av Fylkesmannen.

Det igjen gjer at kommunen ikkje får ut tilskot frå Husbanken. For å betala for omsorgssenteret, må dei difor bruka pengar som skulle gå til drift.

– Me ser at det blir krevjande for Bremanger å klara å dekkja inn underskotet utan at det skal gå ut over dei pålagde tenestene, seier Hamre.

Kommunal- og moderniseringsdepartementet ønskjer ikkje å kommentera søknaden frå Bremanger, fordi saka er under handsaming.