Normal

Fylkesmannen ber jølstringar leggje omkamp på hylla

Det blir banka hardt på dører i Jølster for å få folk med på ei ny folkerøysting om storkommunen i indre Sunnfjord. Fylkesmannen ber dei heller om å sjå framover.

Fylkesmann Anne Karin Hamre

KLART RÅD OM Å LEGGJE BALLEN DØD: Fylkesmannen ber initiativtakarane om å akseptere at det er fatta eit demokratisk vedtak om samanslåing.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

– No bør dei akseptere storkommunen og stå saman om å utvikle den vidare, seier Anne Karin Hamre, som er Fylkesmann i Sogn og Fjordane.

Det var Firda Tidend som først omtalte kravet om ny folkerøysting i Jølster. Jarle Helgheim, Ida Aardalsbakke Nedrebø, Gerd Dvergsdal og Magnar Juklestad frontar omkampen. Initiativtakarane til underskriftsaksjonen seier til avisa at innhaldet i kommunereforma er annleis enn det folk røysta over. Difor har dei starta ein underskriftsaksjon med håp om ny folkerøysting og reversering av samanslåinga.

I fjor sa dei fire Sunnfjord-kommunane Gaular, Jølster, Naustdal og Førde ja til å slå seg saman.

Nær 60 underskrifter og fleire formelle krav må vere på plass før kommunestyret i Jølster kan ta stilling til kravet om folkerøysting.

– Eg kan ikkje forskotere korleis kommunestyret i Jølster vil behandle dette. Mitt klare råd er å akseptere at det er fatta eit demokratisk vedtak om samanslåing, seier Hamre.

Tidlegare ordførar med på laget for omkamp

Gerd Dvergsdal var i fleire år ordførar i Jølster kommune for Senterpartiet, og fryktar at spesielt indre Jølster vert den store taparen i kommunesamanslåinga.

– Eg har ikkje tru på at tenestetilbodet i Jølster blir det same som i dag. Det har ikkje den nye storkommunen råd til, seier Gerd Dvergsdal til Firda Tidend.

Gerd Dvergsdal

SKAL BANKE PÅ DØRER: Gerd Dvergsdal har sagt ja til å gå rundt med lister for å sikre nok underskrifter til krav om ny folkerøysting.

Foto: Marie Stafsnes Osland / NRK

Hamre er ikkje einig i utspelet frå Dversdal.

– Dette er ein påstand eg stiller meg undrande til. Kommunane får ei rekkje økonomiske tilskot, og det vil komme fleire avklaringar på at kommunane får eit regionsentertilskot, seier ho.

Prosessen i kommunesamanslåinga har allereie kommen eit godt stykke, og Hamre slår fast at vedtaket om ny storkommune er basert på fri vilje.

– Det er Stortinget som gjer eit endeleg vedtak om kommunestrukturen i landet. No har Stortinget gjort eit vedtak om å slå saman desse fire kommunane i indre Sunnfjord. Dette er basert på frivillige vedtak i alle kommunane, seier Hamre.

Vegopning på Bergum i Førde kommune