NRK Meny
Normal

Fylkesmannen avdekka brot på teieplikt i omstridd barnevernssak

Fylkesmannen sitt tilsyn med Naustdal kommune i samband med «Naustdalssaka» er no avslutta utan vidare oppfølging.

Illustrasjonsfoto

STORT ENGASJEMENT: Barnevernssaka i Naustdal har ført til demonstrasjonar i heile verda.

Foto: Berg-Rusten, Ole / NTB Scanpix

Fylkesmannen har ikkje sett på hovudproblemstillinga i saka om å ta borna skulle ut av heimen med tvang.

Naustdal kommune ville ta borna ut av heimen på permant basis, men i ein omfattande rapport vart det konkludert med at det var feil å ta borna ut av heimen. Det vart inngått eit forlik der borna fekk kome heim til foreldra.

Tilsynsvurderinga handla om barnevernets oppfølging av familien i den perioden det var kontakt mellom barnevernet og familien. Mellom anna har dei undersøkt korleis kommunen la til rette for kommunikasjon med born og foreldre, og korleis kommunen la til rette for samvær.

Kommunen opplevde stort fokus mot barnevernstenesta i kommunen etter at ein norsk-rumensk familie vart fråtekne borna hausten 2015.

– Vi har ikkje merknader til det som har kome fram om barnevernets oppfølging av familien, seier Sæbø.

Fylkesmannen har sett på dokument i saka. Tilsynssaka er avslutta utan vidare oppfølging.

– Det var mykje dokumentasjon og vi har gjort grundige vurderingar, seier ho.

– Vi har vurdert det sånn at kommunen har brote teieplikta ved å røpe nokre opplysningar som dei ikkje skulle ha gjort. Det skjedde ved eitt høve, seier Hanne Sæbø, seksjonsleiar helse- og sosialavdelinga hos Fylkesmannen.

Fylkesmannen vil ikkje sei kva slags opplysningar Naustdal kommune har røpt.

– Vi har sagt kva dette gjeld til kommunen, og legg til grunn at kommunen i framtida vil halde seg til reglane for teieplikt. Vi har ikkje funne grunn til å følge dette vidare, seier Sæbø til NRK.no.

Etter ein lang prosess kom borna tilbake til familien, og i fjor tok det norsk-rumenske foreldreparet borna sine med seg til Romania.

– Vi tar brot på teieplikt alvorleg

Naustdal kommune bad sjølv Fylkesmannen om ei ekstern evaluering av barnevernet i kommunen. Rådmann i Naustdal, Øyvind Bang-Olsen, seier kommunen skal lære av det som kom fram i tilsynet.

– Vi tar brot på teieplikt alvorleg. Vi ser kva vi har gjort og kva vi skulle gjort annleis.

– Blei du overraska over at det ikkje kom ein sterkare reaksjon mot kommunen når det gjeld brot på teieplikt?

– Vi tar med oss det som har blitt sagt. Det er det viktigaste vi kan gjere, seier han.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.